Hanne Skartveit
Hanne Benedichte Skartveit (13. april 1966) er ein norsk journalist, statsvitar og jurist med lang verketid i Verdens Gang. Sidan 2009 har ho hatt stillinga som politisk redaktør i avisa.
Hanne Skartveit | |
Fil:Hanne Skartveit 0002.jpg, Hanne Skartveit - NMD 2015 (16784585123).jpg | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 13. april 1966 (58 år) Oslo |
Yrke | journalist, politisk kommentator, podkastvert, avisredaktør, politisk redaktør |
Far | Andreas Skartveit |
Ektefelle | Gerhard Helskog |
Prisar | Gullpennen |
Hanne Skartveit på Commons |
Bakgrunn
endreSkartveit vart fødd i Oslo som dotter av forlagsdirektøren og programredaktøren i NRK Andreas Skartveit.[1] Ho tok examen artium ved Oslo katedralskole i 1985, ex. phil. ved Universitetet i Oslo i 1986 og 2. avdeling jus frå same stad i 1989. Skartveit har juridisk embetseksamen og ein mastergrad i internasjonal politikk frå Paul H. Nitze School of Advanced International Studies ved Johns Hopkins University i Washington, D.C.[2][1]
Karriere
endreHo var nestleiar i Studenttinget i Studentsamskipnaden i Oslo i 1987[1] og politisk journalist i Arbeiderbladet 1990–1991.[3] Ho har òg politisk bakgrunn frå AUF og Sosialdemokratisk Studentforbund.[4]
Skartveit har jobba i VG sidan våren 1991, og var politisk reporter i avisa fram til 2000. Då tok ho eit avbrekk frå jobben for å fullføra jusutdanninga. Seinare fekk ho tilbod om å verta kommentator i VG, før ho etter eit opphald i Washington vart leiar for leiar- og kommentaravdelinga i same avis.[5] 1. januar 2009 tok ho over stillinga som politisk redaktør i VG etter Olav Versto.
I 1999 vart ho tildelt eit SKUP-diplom for prosjektet Fylkespolitikerne – politikkens lønsadel.[6]
I 2012 vart ho tildelt Gullpennen av Riksmålsforbundet.[1]
Ho er gift med journalisten og programleiaren Gerhard Helskog.
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 Garvik, Olav (29. desember 2013). «Hanne Skartveit». Store norske leksikon (på norsk).
- ↑ «Hun blir ny VG-redaktør». kampanje.com. 16. desember 2008. Henta 27. desember 2008. «Skartveit har i tillegg til fullført jussutdanning, mastergrad i internasjonal politikk fra Johns Hopkins University i Washington, DC.»
- ↑ «Hanne Skartveit». Journalisten. 2008. Henta 27. desember 2008.
- ↑ «Kommentariatet: Listen fortsetter». Morgenbladet. 11. september 2009.
- ↑ Lindeberg, Anne (16. desember 2008). «Hun blir ny VG-redaktør». Dagens Næringsliv. Henta 16. desember 2008.
- ↑ «SKUP-diplom 1999». Institutt for journalistikk. 1999. Arkivert frå originalen 24. mars 2007. Henta 27. desember 2008. «Hanne Skartveit i VG tildeles SKUP-diplom 1999 for prosjektet "Fylkespolitikerne – politikkens lønnsadel".»
- Denne artikkelen bygger på Hanne Skartveit frå Wikipedia på bokmål, utgåva frå 12. oktober 2018