Handball-EM 2008 for menn

Europameisterskapen i handball 2008 for menn, den 8. i rekka, vart avvikla i dagane frå 17. til 27. januar 2008 i Noreg. 16 land deltok i turneringa: Danmark, Frankrike, Island, Kroatia, Kviterussland, Montenegro, Noreg, Polen, Russland, Slovakia, Slovenia, Spania, Sverige, Tsjekkia, Tyskland og Ungarn.

Finalespelet vart avvikla i Håkons hall på Lillehammer
Den danske landslagssjef Ulrik Wilbek under EM 2008

Gull, sølv og bronse

endre

Danmark sitt mannskap vann EM-gull for fyrste gong gjennom å slå Kroatia med 24 mål mot 20. Ved pause leia danskane med 13–10. Lasse Boesen og Lars Christiansen skåra kvar sine 7 finalemål. Dei andre danske skåringane kom frå Jesper Jensen (4), Hans Lindberg (3), Michael V. Knudsen (2) og Lars Jørgensen (1). Målvakta Kasper Hvidt var avgjerande då Danmark tok styringa av kampen i løpet av 1. omgang. Med 5 nettkjenningar vart Petar Metličić mestskårande for Kroatia.

I kampen om bronseplassen sigra Frankrike heile 36–26 over Tyskland. Noreg vart vist til sjetteplass då det, etter ekstraomgangar, vart tap 34-36 mot Sverige.

Gruppespelet

endre

Gruppe A

endre
# Lag K S U T Mål ± P
1   Kroatia 3 3 0 0 91–77 14 6
2   Polen 3 2 0 1 93–89 4 4
3   Slovenia 3 1 0 2 85–94 −9 2
4   Tsjekkia 3 0 0 3 88–97 −9 0
17. januar 2008 Slovenia   34–32   Tsjekkia Stavanger idrettshall, Stavanger
17. januar 2008 Kroatia   32–27   Polen Stavanger idrettshall, Stavanger

18. januar 2008 Tsjekkia   26–30   Kroatia Stavanger idrettshall, Stavanger
18. januar 2008 Polen   33–27   Slovenia Stavanger idrettshall, Stavanger

20. januar 2008 Polen   33–30   Tsjekkia Stavanger idrettshall, Stavanger
20. januar 2008 Kroatia   29–24   Slovenia Stavanger idrettshall, Stavanger

Gruppe B

endre
# Lag K S U T Mål ± P
1   Noreg 3 3 0 0 86–69 17 6
2   Danmark 3 2 0 1 89–79 10 4
3   Montenegro 3 0 1 2 71–84 −13 1
4   Russland 3 0 1 2 74–88 −14 1
17. januar 2008 Russland   25–25   Montenegro Drammenshallen, Drammen
17. januar 2008 Danmark   26–27   Noreg Drammenshallen, Drammen

18. januar 2008 Noreg   32–21   Russland Drammenshallen, Drammen
18. januar 2008 Montenegro   24–32   Danmark Drammenshallen, Drammen

20. januar 2008 Danmark   31–28   Russland Drammenshallen, Drammen
20. januar 2008 Noreg   27–22   Montenegro Drammenshallen, Drammen

Gruppe C

endre
# Lag K S U T Mål ± P
1   Ungarn 3 2 0 1 90–82 8 4
2   Spania 3 2 0 1 94–88 6 4
3   Tyskland 3 2 0 1 84–80 4 4
4   Kviterussland 3 0 0 3 83–101 −18 0
17. januar 2008 Tyskland   34–26   Kviterussland Haukelandshallen, Bergen
17. januar 2008 Spania   28–35   Ungarn Haukelandshallen, Bergen

19. januar 2008 Ungarn   24–28   Tyskland Haukelandshallen, Bergen
19. januar 2008 Kviterussland   31–36   Spania Haukelandshallen, Bergen

20. januar 2008 Spania   30–22   Tyskland Haukelandshallen, Bergen
20. januar 2008 Ungarn   31–26   Kviterussland Haukelandshallen, Bergen

Gruppe D

endre
# Lag K S U T Mål ± P
1   Frankrike 3 3 0 0 90–76 14 6
2   Sverige 3 2 0 1 89–72 17 4
3   Island 3 1 0 2 68–76 −8 2
4   Slovakia 3 0 0 3 78–101 −23 0
17. januar 2008 Frankrike   32–31   Slovakia Trondheim Spektrum, Trondheim
17. januar 2008 Island   19–24   Sverige Trondheim Spektrum, Trondheim

19. januar 2008 Slovakia   22–28   Island Trondheim Spektrum, Trondheim
19. januar 2008 Sverige   24–28   Frankrike Trondheim Spektrum, Trondheim

20. januar 2008 Slovakia   25–41   Sverige Trondheim Spektrum, Trondheim
20. januar 2008 Frankrike   30–21   Island Trondheim Spektrum, Trondheim

Mellomrunden

endre

Gruppe I

endre
# Lag K S U T Mål ± P
1   Danmark 5 4 0 1 152–120 32 8
2   Kroatia 5 3 1 1 138–130 8 7
3   Noreg 5 2 2 1 130–128 2 6
4   Polen 5 2 1 2 149–142 7 5
5   Slovenia 5 2 0 3 138–148 −10 4
6   Montenegro 5 0 0 5 124–163 −39 0
22. januar 2008 Slovenia   31–29   Montenegro Stavanger idrettshall, Stavanger
22. januar 2008 Kroatia   20–30   Danmark Stavanger idrettshall, Stavanger
22. januar 2008 Polen   24–24   Noreg Stavanger idrettshall, Stavanger

23. januar 2008 Kroatia   34–26   Montenegro Stavanger idrettshall, Stavanger
23. januar 2008 Polen   26–36   Danmark Stavanger idrettshall, Stavanger
23. januar 2008 Slovenia   33–29   Noreg Stavanger idrettshall, Stavanger

24. januar 2008 Polen   39–23   Montenegro Stavanger idrettshall, Stavanger
24. januar 2008 Slovenia   23–28   Danmark Stavanger idrettshall, Stavanger
24. januar 2008 Kroatia   23–23   Noreg Stavanger idrettshall, Stavanger

Gruppe II

endre
# Lag K S U T Mål ± P
1   Frankrike 5 4 0 1 140–126 14 8
2   Tyskland 5 3 0 2 139–136 3 6
3   Sverige 5 2 1 2 131–131 0 5
4   Ungarn 5 2 1 2 145–147 −2 5
5   Spania 5 2 0 3 144–138 6 4
6   Island 5 1 0 4 129–150 −21 2
22. januar 2008 Tyskland   35–27   Island Trondheim Spektrum, Trondheim
22. januar 2008 Spania   27–28   Frankrike Trondheim Spektrum, Trondheim
22. januar 2008 Ungarn   27–27   Sverige Trondheim Spektrum, Trondheim

23. januar 2008 Spania   26–27   Sverige Trondheim Spektrum, Trondheim
23. januar 2008 Tyskland   23–26   Frankrike Trondheim Spektrum, Trondheim
23. januar 2008 Ungarn   28–36   Island Trondheim Spektrum, Trondheim

24. januar 2008 Spania   33–26   Island Trondheim Spektrum, Trondheim
24. januar 2008 Ungarn   31–28   Frankrike Trondheim Spektrum, Trondheim
24. januar 2008 Tyskland   31–29   Sverige Trondheim Spektrum, Trondheim

Sluttspelet

endre

Kamp om 5.-plass

endre
26. januar 2008 Noreg   34–36 (e.e.o)   Sverige Håkons Hall, Lillehammer

Semifinalar

endre
26. januar 2008 Kroatia   24–23   Frankrike Håkons Hall, Lillehammer

26. januar 2008 Danmark   26–25   Tyskland Håkons Hall, Lillehammer

Bronsefinale

endre
27. januar 2008 Tyskland   26–36   Frankrike Håkons Hall, Lillehammer

EM-finalen

endre
27. januar 2008 Danmark   24–20   Kroatia Håkons Hall, Lillehammer

Kjelder

endre