Guri Vesaas
Guri Vesaas (fødd 13. januar 1939) er ei norsk forlagskvinne og omsetjar fødd i Vinje i Telemark. Ho var forlagsredaktør for Det Norske Samlaget si barnebokavdeling frå 1974 til 2006.
Guri Vesaas | |
Pseudonym | Hanna Midtbø |
Nasjonalitet | Norsk |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 13. januar 1939 (85 år) i Vinje |
Yrke | Forlagsredaktør, omsetjar |
Sjanger | Barnelitteratur |
Far | Tarjei Vesaas |
Mor | Halldis Moren Vesaas |
Vesaas har særleg vore oppteken av å gje ut barnebøker med kunstnarlege og litterære kvalitetar. Gjennom aktive initiativ har ho fått i stand samarbeid mellom ei rekkje forfattarar, illustratørar og biletkunstnarar. På den måten har ho vore med på å støtte biletboksjangeren i Noreg og skape moderne barnebokklassikarar. I 1974 hadde ho permisjon frå forlaget for å arbeide som redaksjonssekretær i barnebladet Maurtua. Under psevdonymet Hanna Midtbø har ho sidan 1976 omsett kring 50 barnebøker til norsk. Det oppdikta etternamnet Midtbø er knytt til barndomsheimen i Vinje.
Guri Vesaas er dotter av forfattarane Halldis Moren Vesaas og Tarjei Vesaas og litlesyster til NRK-journalisten Olav Vesaas.
Prisar
endreVesaas har fått ei rekkje prisar for arbeidet sitt. I 1987 og 1996 mottok ho Nynorsk barnelitteraturpris frå Noregs Mållag og i 2000 fekk ho Målprisen. I 1996 fekk Guri Vesaas NBU-prisen, i 2004 Ord & Bilde-prisen frå Grafill for å ha fremja den gode biletboka, og i 2005 fekk ho Bastianprisen frå Norsk Oversetterforening for den omfattande verksemda som omsetjar. Då ho gjekk av med alderspensjon i desember 2006 vart ho heidra med forlaget si julebok for 2006: Hanna Midtbø alias Guri Vesaas, med helsingar frå kollegaer og forfattarar. I 1996 fekk ho NBU-prisen.[1]
Året etter, i august 2007 vart ho utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden for innsatsen sin for barne- og ungdomslitteraturen. Same året vart ho utnemnd til Årets nynorskbrukar, og mottok heidersprisen til Brageprisen som «nestoren innan norsk barnebokproduksjon, for hennar eineståande innsats for norsk barne- og ungdomslitteratur».
I 2010 vart Guri Vesaas utnemnd til heidersmedlem i Noregs Mållag.
Prisar og utmerkingar
endre- 1987: Nynorsk barnelitteraturpris for arbeidet med nynorsk barnelitteratur[2]
- 1989: Kyrkje- og undervisningsdepartementes omsetjarpris for samla omsetjargjerning
- 1996: Nynorsk barnelitteraturpris for omsetjinga av Martin og bestefar av Roberto Piumini[3]
- 1996: NBU-prisen
- 2000: Målprisen
- 2004: Ord & Bilde-prisen for å ha fremja den gode biletboka
- 2005: Bastianprisen for omsetjarverksemda hennar
- 2007: Årets nynorskbrukar
- 2007: Utnemnd til Riddar 1. klasse av St. Olavs Orden for innsatsen for barne- og ungdomslitteraturen
- 2007: Brageprisen: heidersprisen
- 2010: Heidersmedlem i Noregs Mållag
- 2012: Kulturdepartementes pris for barne- og ungdomslitteratur, omsetjarprisen for Rosas buss av Fabrizio Silei[4]
- 2022: Storegutprisen [5]
Referansar
endre- ↑ NBU-prisen
- ↑ Ottar Grepstad (1998). «Nynorsk barnelitteraturpris». Nynorsk faktabok 1998. Nynorsk forum. s. 284. ISBN 82-91939-00-4.
- ↑ «Nynorsk barnelitteraturpris». Noregs Mållag. Henta 25. februar 2012.
- ↑ ««Kulturdepartementets priser for barne- og ungdomslitteratur utgitt i 2012»». Norsk Barnebokinstitutt. 14. mars 2013. Henta 21. mars 2013.
- ↑ «Guri Vesaas får Storegutprisen under Litteraturdagane 2022». Henta 1. juli 2022.
Bakgrunnsstoff
endre- Omsetjingar av Hanna Midtbø i digitalisert utgåve hjå Nasjonalbiblioteket
- Ord og bilde-prisen til Guri Vesaas Arkivert 2007-09-27 ved Wayback Machine.
- Guri og Olav Vesaas om forfattarforeldra
- VG om pensjoneringa
- Guri Vesaas er Årets nynorskbrukar 2007 på http://www.aasentunet.no
- Utgjevingar av Guri Vesaas i BIBSYS Ask[daud lenkje]
- Utgjevingar av Hanna Midtbø i BIBSYS Ask[daud lenkje]