Francesca Caccini
Francesca Caccini (8. september 1587–1641) var ein italiensk komponist, songer, luttspelar og musikklærar frå tidlegbarokken. Ho er særleg kjent for verket La liberazione di Ruggiero dall'isola d'Alcina frå 1625, ein svært tidleg opera og den første skriven av ei kvinne.
Francesca Caccini | |||
| |||
Fødd | 18. september 1587 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Firenze | ||
Død | etter 1641 | ||
Dødsstad | Firenze | ||
Opphav | Storhertugdømet Toscana | ||
Sjanger | opera | ||
Instrument | lutt, vokal | ||
Stemmetype | sopran | ||
Verka som | komponist, lyrikar, lutenist, skribent, operasongar, musikklærer, skodespelar | ||
Mor | Lucia (Gagnolanti) Caccini | ||
Far | Giulio Caccini |
Caccini var også kjend som «La Cecchina». Ho var dotter og elev av Giulio Caccini.[1]
Liv
endreFrancesca Caccini var fødd i Firenze, eit av dei viktigaste europeiske kultursentera i samtida. Faren var komponisten og hoffmannen Giulio Caccini, som gav dottera ei solid utdanning.
Ho opptredde første gong som songar i 1600, i Jacopo Peri-operaen Euridice, som blei oppført med enkelte parti henta frå faren sin opera med same namn.
På oppfordring av dronning Maria de' Medici gjorde familien Caccini ei konsertreise til Henrik IV av Frankrike sitt hoff i Paris. Det femstemmige familieensemblet bestod av foreldra Giulio og Margherita og syskena Francesca, Settima og Pompeo. Undervegs opptredde dei i Modena, Milano, Torino og Lyon. Den franske kongen blei så begeistra for songen til Franscesca Caccini at han gav henne tilbod om ei stilling ved hoffet, men storhertug Ferdinando de' Medici gav ordre om at familien måtte venda tilbake til Firenze. Der hadde Francesca Caccini ein post ved hoffet fram til 1627.[2]
Ryet hennar auka, og i 1614 var ho blitt den best betalte musikaren ved hoffet. I løpet av denne tida utvikla ho også dugleiken sin som komponist. Ho skreiv en god del musikk for Medici-hoffet, og byrja etterkvart også å skriva i den nye musikkforma opera.
I 1607 blei ho gift med hoffmusikaren Giovanni Battista Signorini. Dei fekk dottera Margherita, som blei fødd i 1622.
Verk
endreFrancesca skreiv seksten operaer. Berre ein av desse, La liberazione di Ruggiero, er bevart for ettertida. Samlinga Il primo libro delle musiche (1618) med 36 stykke for solosong og sopran/bass-duettar med generalbass-akkompagnement finst også att.
Kjelder
endre- ↑ «Francesca Caccini», Store norske leksikon, 14. februar 2009, henta 30. juli 2017
- ↑ Danielle Roster: Francesca Caccini (1587 − 1645?). I Annäherung IX - an sieben Komponistinnen. Red. Clara Mayer. Furore-Verlag, Kassel 1998, ISBN 3-927327-43-3, s. 7–20.
- Denne artikkelen bygger på «Francesca Caccini» frå Wikipedia på bokmål, den 30. juli 2017.
Litteratur
endre- Liliana Pannella: «CACCINI, Francesca, detta la Cecchina», Dizionario Biografico degli Italiani - bind 16 (1973)
- «Francesca Caccini», i Historical Anthology of Music by Women. James R. Briscoe, ed. Indiana University Press, Bloomington, Indiana, 1986. ISBN 0-253-21296-0
- «Francesca Caccini», i The New Grove Dictionary of Music and Musicians, ed. Stanley Sadie. 20 vol. London, Macmillan Publishers Ltd., 1980. ISBN 1-56159-174-2
- Francesca Caccini, Musician to the Medici and her "Primo Libro". Carolyn Raney, diss., New York University, 1971.