Esch-sur-Alzette
Esch-sur-Alzette (luxembourgsk Esch-Uelzecht tysk Esch-an-der-Alzette eller Esch-an-der-Alzig, fransk Esch-sur-Alzette) er ein by sørvest i Luxembourg. Han er den nest største byen i landet med om lag 28 000 innbyggjarar. Byen ligg midt i kommunen med same namn.
Esch-sur-Alzette | |||
---|---|---|---|
| |||
Styresmakter | |||
Land Distrikt Kantonar |
Luxembourg Luxembourg Esch-sur-Alzette | ||
Borgarmeister | Lydia Mutsch | ||
Geografi | |||
Flatevidd | 1 435 km² | ||
Flatevidd - By |
14,35 km² | ||
Innbyggjarar - By (2005) - folketettleik |
28 000 1 951/km² | ||
Koordinatar | 49°30′N 05°59′E / 49.500°N 5.983°E | ||
Høgd over havet | 279 - 426 m | ||
Tidssone | UTC+01:00 (UTC) | ||
Diverse anna | |||
Heimeside: www.esch.lu | |||
Plassering | |||
Han ligg sørvest i landet ved grensa til Frankrike. Byen vert vanlegvis berre kalla Esch, men ein landsby og kommune lenger nord heiter Esch-sur-Sûre. Byane har derfor namn etter elvane som renn gjennom byane. Elva Alzette renn gjennom Esch-sur-Alzette (som tyder «Esch ved Alzette»). Hovudstaden Luxembourg ligg 15 km mot nordaust.
Bakgrunnsstoff
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Esch-sur-Alzette» frå Wikipedia på engelsk, den 30. januar 2008.