Dobrjanka
Dobrjanka (russisk Добря́нка) er ein by i Perm kraj i Russland med om lag 35 000 innbyggjarar. Han ligg ved Kama-reservoaret, rundt 60 km nord for Perm.
Dobrjanka Добрянка | |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land | Russland | ||||
Føderasjonssubjekt | Perm kraj | ||||
Grunnlagd Bystatus |
1623 1943 | ||||
Geografi | |||||
Innbyggjarar - Totalt (2008) |
35 814 | ||||
Koordinatar | 58°27′00″N 56°25′00″E / 58.45000°N 56.41667°E | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Postnummer | 618740 | ||||
Retningsnummer (tlf) | 34265 |
Dobrjanka vert rekna som ein av dei eldste busetnadene i Perm kraj. Han vart grunnlagd i 1623. I 1752 vart det bygt eit jernverk ved munningen av Dobrjanka-elva, og det utvikla seg ein busetnad rundt det. I 1943 fekk busetnaden bystatus.
I Dobrjanka ligg Perm GRES, ein enorm kraftstasjon med 330 meter høge skorsteinar.
Kjelder
endre- Delar av denne artikkelen bygger på «Dobrjanka» frå Wikipedia på bokmål, den 24. januar 2009.
Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.