Dingolfing
Dingolfing er ein by i Tyskland i delstaten Bayern med om lag 18 000 innbyggjarar. Han er administrativt sete i landkreisen Dingolfing-Landau.
Dingolfing | |
---|---|
Byvåpen | Plassering |
Styresmakter | |
Land Delstat Regierungsbezirk Landkreis |
Tyskland Bayern Niederbayern Dingolfing-Landau |
Geografi | |
Flatevidd - By |
44,04 km² |
Innbyggjarar - By (2007) - folketettleik |
18 443 419/km² |
Koordinatar | 48°38′0″N 12°30′0″E / 48.63333°N 12.50000°E |
Høgd over havet | 365 m |
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) CEST (UTC+2) |
Diverse annan informasjon | |
Postnummer | 84130 |
Telefon-retningsnummer | 08731 |
Bilnummer | DGF |
Heimeside: www.dingolfing.de |
Geografi
endreDingolfing ligg ved elva Isar, om lag 27 km aust for Landshut, 29 km sør for Straubing og 100 km nordaust for München. Isar deler byen i ein eldre historisk del og ein nyare, meir moderne del.
Den historiske delen av byen er delt i tre: Øvre, midtre og nedre Dingolfing.
Historie
endreOmrådet som i dag vert kalla Dingolfing vart først nemnd som Tinguluinga i år 833.
I 1251 gav hertugen av Bayern, Otto II, byrettar til Dingolfing. Dingolfing voks mellom 1315 og 1600. I løpet av denne perioden var hovudnæringane hovudsakleg handel, fiske, lêrarbeid og produksjon av ullklede.
Den austerrikske arvefølgjekrigen førte til store øydeleggingar i byen og epidemiar tynna ut folketalet. 16. mai 1743 sette austerrikske troppar byen i brann, og store delar av han vart lagd i oske.
Mellom 1816 og 1817 oppstod det mange økonomiske problem som følgje av aukande prisar og avlingar som feila. Denne perioden vert rekna som lågpunktet i historia til byen.
Det vart bygd jernbane linje frå München til Praha via byen og mange nye vegar på midten av 1800-talet, og dette var eit vendepunktet for byen. På denne tida oppstod det òg mange nye industriar.
I 1905 vart det opna ein ny maskinbutikk som reparerte øydelagd jordbruksutstyr. Etter den andre verdskrigen byrja denne butikken å produsere scooterar og bilar. I 1950-åra starta fabrikken å produsere bilar for selskapet Glas. Bayerische Motoren Werke (BMW), som framleis held til i byen, kjøpte denne fabrikken i 1967.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Dingolfing» frå Wikipedia på engelsk, den 21. juli 2007.