Dataspelet The Legend of Zelda

The Legend of Zelda er eit action-eventyrspel utvikla og gjeve ut av Nintendo, første gong på Nintendo Entertainment System. Spelet det første i The Legend of Zelda-serien. Det vart gjeve ut i japan som ein lanseringstittel for Famicom Disk System-eininga i 1986, og på spelekassett for Nintendo Entertainment System i Nord-Amerika og Europa året etter.[1] Spelet har seinare blitt gjeve ut på Game Boy Advance som ein del av NES Classics-serien, på Nintendo GameCube i samlepakken The Legend of Zelda: Collectors Edition og som ei digital nedlasting via Virtual Console på Wii.[2]

The Legend of Zelda

Utviklar(ar)Nintendo Entertainment Analysis and Development, Nintendo
Utgjevar(ar)Nintendo
DistributørNintendo eShop
Kreativt ansvarleg(e)Shigeru Miyamoto, Takashi Tezuka
Produsent(ar)Shigeru Miyamoto
Design(ar)Shigeru Miyamoto, Koji Kondo, Takashi Tezuka
Programmerar(ar)Toshihiko Nakago, Yasunari Soejima
ForfattarTakashi Tezuka
Komponist(ar)Koji Kondo
SerieThe Legend of Zelda
Plattform(er)Nintendo Entertainment System, Famicom Disk System
Utgjeving21. februar 1986
Sjangeraction-eventyrspel
Spelemoduseinspelar
AldersgrensePEGI 7, PEGI 3
Nettstadhttps://www.zelda.com/universe/game/zelda/
Del av serien The Legend of Zelda
Zelda II: The Adventure of Link

Spelet finn stad i fantasiverda Hyrule der spelaren følgjer helten Link. Han skal frigjera prinsessa Zelda frå hovudfienden Ganon ved å samla åtte stykke av ein magisk relikvie.[3]

Kjelder

endre
  1. «Legends of Localization: The Legend of Zelda Translation Comparison: Introduction», Legends of Localization (på engelsk), henta 26. november 2023 
  2. «The Legend of Zelda - Wii». IGN. IGN Entertainment, Inc. Henta 23. august 2014. 
  3. The Legend of Zelda Instruction Booklet. Nintendo of America, Inc. s. 3–4. 

Bakgrunnsstoff

endre