Bilecik er ein by i Tyrkia i provinsen Bilecik. Han har kring 40 000 innbyggjarar (2008). Byen har i aukande grad vorte ein turistad med ei rik arkitekturarv. Bilecik er medlem av European Association of Historic Towns and Regions.[2]

Bilecik
by
Land  Tyrkia
Region Marmararegionen
Provins Bilecik
Koordinatar 40°08′N 29°59′E / 40.133°N 29.983°E / 40.133; 29.983
Areal 840 km²
Folketal 39 453  (2008)[1]
Folketettleik 47 / km²
Borgarmeister Selim Yağcı
Kart
Bilecik
40°08′35″N 29°58′45″E / 40.143055555556°N 29.979166666667°E / 40.143055555556; 29.979166666667
Kart som viser Bilecik.
Kart som viser Bilecik.
Kart som viser Bilecik.
Wikimedia Commons: Bilecik
Nettstad: www.bilecik.bel.tr

30 km søraust for Bilecik ligg Söğüt, ein liten by der Det osmanske riket vart grunnlagd i 1299.

Klima

endre

Bilecik har eit middelhavsklima nær grensa til kontinentalklima med kalde og often snørike vintrar og varme og tørre somrar. Somrane er varme og tørre med temperaturar vanlegvis over 30 °C midt på sommaren.

Vêrdata for Bilecik
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg maks °C 5,9 7,5 11,6 17 22 26 28,5 28,7 24,8 19,3 13 7,7 17,7
Gjennomsnittleg min °C −0,2 0,2 2,6 6,8 10,7 14,2 16,3 16,5 13,1 9,6 5,2 1,9 8,1
Gjennomsnittleg nedbør mm 50,5 39,5 43,3 42,3 42,9 35,3 19,3 10,6 22 47,5 43 55,4 451,6
Gns. solskinstimar i månaden 102,3 106,4 151,9 183 254,2 294 322,4 310 249 179,8 126 93 2 372
Kjelde: Devlet Meteoroloji İşleri Genel Müdürlüğü[3]

Kjelder

endre