Andrej Arsjavin
Andrej Sergejevitsj Arsjavin (fødd 29. mai 1981 i Leningrad) er ein russisk fotballspelar, som spelar for Arsenal i engelsk Premier League, og for det russiske landslaget.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn |
Andrej Sergejevitsj Arsjavin (russisk: Андрей Сергеевич Аршавин) | ||
Fødd | 29. mai 1981 | ||
Fødestad | Leningrad (no St. Petersburg) | ||
Høgd | 172 cm | ||
Posisjon | Midtbane, spiss | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Arsenal | ||
Nummer | 23 | ||
Ungdomsklubbar | |||
1997-99 | Zenit St. Petersburg | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
1999-2009 2009- |
Zenit Arsenal |
238 (51) 46 (18) | |
Landslag | |||
2002- | Russland | 54 (16) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 11. september 2010 ‡ Landslagsmål oppdatert 8. september 2010 |
Arsjavin vart seriemeister i Russland med Zenit St. Petersburg i 2007, og vann UEFA-cupen med den same klubben i 2008. Han vart kåra til årets russiske spelar i 2006.
Arsjavin debuterte for Russland sitt A-landslag 17. mai 2002 i ein kamp mot Kviterussland. Han skåra det første landslagsmålet sitt mot Romania i ein privatlandskamp 13. februar 2003. Han var med i Russland sin tropp til fotball-EM i 2008, sjølv om han var suspendert i dei to første kampane. Han spelte i dei tre gjenverande kampane til Russland i turneringa, og skåra to mål, då Russland gjekk til semifinalen. 11. juni 2009 vart han landslagskaptein for Russland.