Adrano

kommune i Italia

Adrano er ein by og ein kommune i provinsen Catania i regionen Sicilia i Italia. Kommunen har vel 35 000 ibuarar og dekker eit areal på 82,5 km². Byen Adrano ligg 560 meter over havet, 41 km nordvest for provinshovudstaden Catania.

Adrano
by
Adrano med Etna i bakgrunnen
Land  Italia
Areal 83,22 km²
Folketal 33 899 (1. januar 2023)[1]
Kart
Adrano
37°39′45″N 14°50′08″E / 37.6625°N 14.835555555556°E / 37.6625; 14.835555555556
Wikimedia Commons: Adrano

Adrano ligg nær ved foten av Etna, ved åmotet mellom elvane Simeto og Salso. Byen er handelssenter i eit område der det vert dyrka oliven og sitrusfrukt.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Adrano