Svanesjøen
Svanesjøen er ein vidgjeten ballett komponert av Pjotr Illitsj Tsjajkovskij. Balletten hadde premiere i 1877 i Moskva.
Koreografien er blitt endra fleire gonger sidan. Koreografien ein gjerne bruker i dag blei skapt av Marius Petipa og Lev Ivanov og fyrst presentert 15. januar 1895. Svanesjøen er presentert i anten 4 akter og 4 scenar, eller 3 akter og 4 scenar.
Balletten er basert på ein libretto av Vladimir Begitsjev og (muligens) Vasilij Geltser, basert på ei gammal tysk soge om Odette, ei prinsesse som blir forvandla til ei svane av ein vondsinna trollmann.
Handling
endreOdette lever under ei forbanning som gjer at ho må leva som svane på dagtid, men om natta blir ho til ei menneske igjen. Dette skjer kveld etter kveld, og ein gong då ho dansar i menneskeforma si blir ho sett av ein prins, Siegfried. Siegfried forelskar seg i Odette og ber henne koma til slottsballet neste kveld. Trollmannen Von Rothbart finn dette ut, og tar med seg dottera si Odile til ballet i staden. Odile ser ut nett som Odette, bortsett frå at ho kler seg i svart medan Odette kler seg i kvitt. Siegfried trur at Odile er Odette, og sver den evige kjærleiken sin til henne for å bryta forbanninga. Odette viser seg, og prinsen forstår at han har gjort ein stor feil.
Det finst fleire versjonar av slutten på balletten. I ein versjon, dansa av Mariinskijballetten i 2006, er det den ekte kjærleiketen mellom Siegfried og Odette som slår Von Rothbart, som døyr etter at prinsen har øydelagd ei av vengene hans. Odette blir menneske igjen, og dei lever lykkeleg saman for alltid. Denne versjonen har ofte blitt brukt av russiske og kinesiske ballettkompani. I versjonen dansa av American Ballet Theatre i 2006, får Siegfried sitt løfte til Odile fatale følgjer og gjer at Odette må leva for alltid som svane. I ein desperat augneblink der ho forstår at ho har lita tid igjen som menneske, tek Odette livet av seg ved å kasta seg ut i sjøen. Siegfried gjer det same, og desse hendingane gjort for ekte kjærleik knuser forbanninga, og i siste scene ser ein Odette og prinsen medan dei stig opp til himmelen saman. I ein versjon dansa av New York City Ballet i 2006 (med koreografi av Peter Martins etter Lev Ivanov, Marius Petipa og George Balanchine) får prinsen sitt løfte Odette til å bli verande ei svane for alltid. Odette blir kalla vekk, og når teppet fell er Siegfried åleine i sorg.
Musikk
endreDet opphavlege partituret for Svanesjøen er skrive for ei heil avdeling med strykarar, pikkolo, to fløyter, to oboar, to klarinettar, to fagottar, fire franske horn, to kornettar, to trompetar, tre tromboner, ein tuba, eit sett paukar, eit triangel, ein tamburin, kastanjettar, virveltromme, cymbalar, basstromme, gong, klokkespel og harpe.
Filmatiseringar
endre- 2010: Black Swan byggjer på ei oppsetjing av Svanesjøen
Galleri
endre-
Pierina Legnani som Odette i 1895
-
Wilfride Piollet i Svanesjøen i 1977
-
Svanesjøen ved Kungliga Operan i 2008
-
SNT-balletten i Novi Sad i 2008.
-
Oppføring i 2015
-
Oppføring ved Minsk opera og ballett i 2018
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Svanesjøen» frå Wikipedia på bokmål, den 12. desember 2021.