Regissør, òg kalla iscenesetjar, viser til ein person som har regi, det vil seia ansvaret for å iscenesetta dramaturgiske verk, som skodespel, filmar og fjernsynsinnspelingar. Regissøren står for den kunstnariske planlegginga og korleis manus til eit stykke skal tolkast.

Filmregissøren Herbert Brenon med skodespelaren Alla Nazimova framfor eit kamera i 1916.

Ordet er avleidd av eit fransk ord, men på fransk bruker ein i dag nemningane metteur en scène (som tyder iscenesetjar) eller réalisateur om yrket. På engelsk er ein som har denne rolla ein director og på dansk er han ein instruktør.

Kjelder

endre
  Denne dramaartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.