Nova Kakhovka (ukrainsk Нова Каховка, russisk Новая Каховка) er ein by i Kherson oblast sør i Ukraina, rekna som eit Arkitekturmonument[1] og ein del av Store kommunisistke byggprosjekt. Byen har kring 55 000 innbyggjarar.

Nova Kakhovka
Нова Каховка
by
Flyfoto av Nova Kakhovka.
våpen
Land  Ukraina
Oblast Kherson oblast
Rajon Nova Kakhovka bykommune
Høgd 21 moh.
Koordinatar 46°46′N 33°22′E / 46.767°N 33.367°E / 46.767; 33.367
Areal 222,7 km²
Folketal 72 700  (2005)
Folketettleik 326 / km²
Grunnlagd 28. februar 1952
Postnummer 74900
Retningsnummer +380 5549
Kart
Nova Kakhovka
46°45′18″N 33°22′30″E / 46.755°N 33.375°E / 46.755; 33.375
Kart som viser Nova Kakhovka.
Kart som viser Nova Kakhovka.
Kart som viser Nova Kakhovka.
Wikimedia Commons: Nova Kakhovka

Byen har status som eit eige rajon (distrikt) i oblastet og er ei viktig elvehamn langs Dnepr og Kakhovkareservoaret. Her vert Tavriaspela halde, ein årleg internasjonal musikkfestival.

Nova Kakhovka vart grunnlagd 28. februar 1952 der landsbyen Kljutsjeve hadde lege sidan 1891. Byen vart bygd for å huse arbeidarane som bygde Kakhovka vasskraftverk (1947–1948). Byen vart kalla Nova Kakhovka eller Ny-Kakhova for å skilje han frå byen Kakhovka som ligg 15 km unna. Etter at kraftverket stod ferdig vart dei fleste arbeidarane verande.

Kjelder

endre
  1. Offisiell nettstad, arkivert frå originalen 18. juli 2011, henta 29. september 2012 

Bakgrunnsstoff

endre