Lisburn (irsk Lios na gCearrbhach) er ein by i Nord-Irland, sørvest for Belfast. Ein anglisert versjon av det irske namnet, Lisnagarvey, vert nytta i namn på skular og idrettsklubbar i området. Byen fekk byrettar i 2002 (i lag med Newry). Byen ligg mellom grevskapa Antrim og Down med Lagan-elva som grense. Lisburn har like over 80 000 innbyggjarar. Trass i byrettane er byen omgjeve av jordbruks- og halvjordbruksområde. Lisburn City omfattar utanom byen Lisburn òg byane Hillsborough, Moira, Glenavy, Dunmurry og Drumbo. Det administrative hovudkontoret ligg i Lisburn.[1]

Lisburn

irsk Lios na gCearrbhach
Det irsk linmuseet i Lisburn
Det irsk linmuseet i Lisburn
Det irsk linmuseet i Lisburn
Plassering
Lisburn is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  Nord-Irland
Region County Antrim
County Down]]
Distrikt Lisburn City
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2007)

81 046
Koordinatar 54°31′N 6°2′W / 54.517°N 6.033°W / 54.517; -6.033
Diverse annan informasjon
Postnummer BT27, BT28
Telefon-retningsnummer 028
Nettstad: www.lisburn.gov.uk
Commons har multimedium som gjeld: Lisburn

Lisburn er òg kjend som fødestaden for den irske linindustrien, som vart oppretta i 1698 av Louis Crommelin og andre hugenottar. Ei utstilling om den irske linindustrien finst no på Irish Linen Center som ligg i Old Market House på Market Square.

Byen er ein populær handlestad med fleire store varehus i sjølve Lisburn og utanfor. Her finst mellom anna Sprucefield og Sprucefield parksenter.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre