Karantene

Versjonen frå 23. april 2020 kl. 15:14 av Ranveig (diskusjon | bidrag) (la til Kategori:Italienske ord og uttrykk med HotCat)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Karantene er eit medisinsk uttrykk (frå italiensk quaranta giorni, førti dagar) som tyder å halde folk eller dyr fråskilt frå andre for ein viss periode, til dømes ved å hindre dei å reise til eit anna land, ut av ein bygning eller liknande. Ved å gjere dette, er det til dømes mogeleg å hindre spreiing av sjukdom.

Historisk brukte ein karantene mot skip der det var brote ut epidemiar. I nyare tid, ved å ha utvikla vaksiner og lært meir om korleis sjukdom smitter, bruker ein ikkje karantene på same måte. Pasientar som har ein farleg smittsam sjukdom kan i staden isolerastsjukehus.

Karantene blir no hovudsakleg brukt for dyr som er blitt flytta frå eit smittefarleg område til eit nytt.

Spire Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.