Foto

Den europeiske unionen består av 27 land. Unionen har sitt eige flagg, som er blått med tolv gule stjerner i ein sirkel. Utanfor EU-bygningen i Brussel er òg flagga til alle medlemslanda heisa.

Flagg utanfor EU-bygningen i Brussel
Av /Shutterstock.

Union er når to eller fleire statar eller landområde er slegne saman til eitt. Ein union kan òg vere eit samarbeid på somme avgrensa felt, for eksempel at dei skal ha felles konge.

Det varierer mykje kor tette og sterke ulike unionar er. Det kan vere alt frå samarbeid om berre enkelte område, til fullstendig samanslåing til ein stat.

Felles for alle unionar er at dei som er med, lovar å vere samla i dei sakene som avtalen gjeld.

Kjende unionar

USA og EU er to av dei mest kjende unionane i verda i dag.

Tankane om ein union for landa i Europa starta etter den andre verdskrigen. For å unngå ein like stor krig på nytt, byrja landa å knytta sterkare økonomiske band til kvarandre. Då ville sjansen for krig og konflikt bli mindre, meinte ein. Namnet Den europeiske union (og forkortinga EU) blei vedteken i 1993.

USA blei eit eige land på slutten av 1700-talet, då tidlegare britiske koloniar i Amerika ville bli frie frå kolonimakta. Fordi dei alle var i same situasjon, slo dei seg saman i éin union, for å stå sterkare både i konflikten med Storbritannia og etterpå.

Historie

Militær makt og trussel om krig har ofte vore viktige grunnar til at land har valt å gå inn i unionar. Ei gruppe land som har ein felles utanrikspolitikk, og står saman mot felles fiendar, kan bli sterkare enn kvart enkelt land er åleine.

Noreg har vore i fleire unionar. Den eine var med Danmark frå 1537 til 1814. Den neste unionen var med Sverige, frå 1814 til 1905. Den gongen blei Noreg overført frå Danmark til Sverige, som ein del av fredsavtalen etter Napoleonskrigane i 1814. Dette skjedde fordi Danmark var på Napoleon si side og dermed tapte krigane.

engelsk blir ordet union også nytta om fagforeiningar og liknande organisasjonar, der menneske står samla i ein viss situasjon.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Merethe Roos
Professor i historie, Universitetet i Sørøst-Norge