Figur

Ein kan dele inn skrifter i to typar:

  • Antikva
  • Grotesk eller sans-serif (fransk for 'utan seriffar')

Ein antikva har seriffar. Seriffar er små strekar på undersida og oversida av grunnstrekane på ein bokstav. Ein antikva har ofte ulik tjukn på dei ulike delane av bokstaven. Ein grotesk har ikkje seriffar, og er som regel like tjukk over det heile.

Antikva og grotesk
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Typografi er korleis bokstavar, tal og andre teikn ser ut og er sett saman. God typografi gjer ein tekst lettare å forstå og lese.

Tekst som blir trykt i for eksempel bøker, avisar og blad er typografi. Tekst som blir vist på skjerm er òg typografi, for eksempel denne teksten.

Bruk

Typografi handlar om korleis skrift blir ordna og ser ut.

Tekstane kan òg sjå ut på ein spesiell måte. Det kan ein få til ved å velje ting som:

  • Skrifttype (font)
  • Storleik
  • Avstand mellom linjene og bokstavane
  • Lengden på linjene
  • Farge

Ein som jobbar med typografi og grafisk design, blir kalla typograf eller grafisk designar. Det er den grafiske designaren som bestemmer typografien til ein tekst.

Fontar

Ulike typer skrift blir òg kalla fontar. I dataprogram der ein arbeidar med tekst, kan ein ofte velje mellom mange ulike fontar. Ein grafisk designar kan få tak i enda fleire fontar enn det som er vanleg å ha på datamaskiner heime.

Fontane er laga til ulik bruk. Nokre av dei er mest til pynt. Dei fleste fontar er laga så dei skal vere gode å lese. Dei skal samtidig vere fine å sjå på.

Nokre fontar har små strekar på undersida og oversida av grunnstrekane på kvar bokstav. Strekane heiter seriffar. Fontar blir delte inn i om dei er med eller utan seriffar.

Punktstorleik

I typografien blir ordet punkt brukt for å beskrive kor stor ei skrift er. 10 til 12 punkt er ein vanleg storleik for tekst, for eksempel i bøker eller blader. Den er god å lese for dei fleste. På nettstader og i anna digital tekst er det ofte mogleg for lesaren å velje punktstorleik sjølv.

Overskrifter er som oftast større enn den vanlege teksten. Det er fordi lesaren skal legge merke til overskrifta fort. Det er òg viktig å vise tydeleg skilnad på overskrift og anna tekst.

Brødtekst er hovuddelen av ein tekst. Det er den som kjem etter overskrifta. Av og til kjem det ein kort tekst mellom overskrifta og brødteksten. Den blir kalla ingress.

Historie

I Europa oppstod typografien på 1400-talet, då kunsten å trykke bøker blei funne opp. Før dette måtte nokon teikne all skrift for hand.

Johann Gutenberg fann opp kunsten å trykke bøker. Han brukte lause typar. Lause typar er éin og éin bokstav kvar for seg. Desse bokstavane støypte han i metall. Dei lause typane kunne setjast saman til ord på ei linje. Linjene kunne så setjast saman til blokker med tekst. På den måten kunne Gutenberg trykke mange bøker med den same teksten i.

No er det ikkje vanleg å trykke tekstar ved hjelp av trykkpresse lenger. Dei som jobbar som typografar eller grafiske designarar arbeider på datamaskin. Då vel dei korleis tekstane skal sjå ut i digitale verkty.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Katrine Kalleklev