Teikning av torsk

Torsken har tre finnar på ryggen og to finnar på undersida. På haka har torsken skjeggtråd.

Teikning av torsk
Av .
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Torsk er ein vanleg fisk i Noreg. Arten lever i havet og i dei fleste norske fjordar.

Torsk er mykje brukt som mat. Torsk har vore viktig for folk i Noreg i mange hundre år. Torsk frå Noreg blir seld til heile verda.

Beskriving

tørka fisk heng i rekkjer på stativer av tre

Torsk hengd til tørk på stativ, som blir kalla fiskehjell. Denne tradisjonelle måten å tørke fisk på er framleis i bruk.

Foto
Av /Shutterstock.

Torsken har tre finnar på ryggen og to finnar på undersida. På haka har torsken ein skjeggtråd. I skjeggtråden er det nervar, som gjer at torsken kan bruke han til å føle og smake med.

På sida og ryggen kan torsken ha ulike fargar. Han kan vere grå, brun, grøn og raudbrun. Skinnet har mørke flekkar og mønster. Undersida av torsken er lys. På sida av torsken er det ei lys linje. Linja går i ein boge, frå hovudet og bakover. Denne sidelinja er eit organ, som sansar rørsler og små vibrasjonar i vatnet.

Det er to grupper av torsk: kysttorsk og havtorsk.

Kysttorsken lever ved kysten og i fjordar, og held seg mykje på same stad. Ofte lever kysttorsken i den same fjorden heile livet.

Havtorsk kan svømme over store havområde. Denne torsken svømmer mellom kysten og område som ligg langt borte. Havtorsken blir òg kalla skrei. Havtorsk kan bli 180 cm lang og 55 kg tung.

Levevis

En smilende kvinne som holder en stor torsk i hendene. Hun står ute, foran et vann.
Havtorsk kan bli store, opp til 55 kilo tunge.
Foto av havtorsk
Av .

Torsken lever nord i Atlanterhavet. Det lever torsk frå Spania i sør til Svalbard i nord, og over til Canada og USA i vest.

Torsk er ein rovfisk. Ung torsk et mest av dyr som lever på botnen av havet. Større torskar et mykje fisk. Sild og lodde er mest vanleg, men dei kan òg ete andre, mindre torskar.

Torsk lever eigentleg i saltvatn. Likevel toler torsk å leve i vatn med lite salt. Langt nord har ein oppdaga torsk som har overlevd lang tid i ferskvatn.

Formeiring

Når fisk skal formeire seg, blir det kalla å gyte. For torsken skjer dette vanlegvis i mars. Kysttorsken gyter gjerne inne i ein fjord. Havtorsken kjem til kysten for å gyte. Store mengder skrei kjem til Lofoten, Vesterålen og Møre for å gyte kvart år.

Gytinga skjer 40–100 meter under vannflata. Ein stor torsk kan gyte cirka 4 millionar egg. Egga blir befrukta av hannen og flyt opp til overflata. Dei blir klekte etter to til fire veker.

Når ungane er klekte frå egget, driv dei rundt i vatnet om sommaren. Om hausten har dei blitt 8–10 cm lange. Då svømmer dei rundt i djupet og leiter etter mat.

Fiske

Torsken har vore viktig for folk i Noreg heilt sidan vikingtida. Dei laga tørrfisk, ved å tørke torsken eller klippfisk ved både å salte og tørke han. På den måten kunne fisken halde seg lenger, og ein kunne frakte han ut i verda. Tørrfisk og klippfisk blei selt til folk i andre land.

Torsk frå Noreg blir framleis frakta ut i verda. Kvart år blir det fiska fleire hundre tusen tonn skrei. Fisken blir seld som fersk fisk, tørrfisk eller klippfisk til kundar over heile verda.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Leif Asbjørn Vøllestad
Professor i biologi, Universitetet i Oslo