Foto av personer i oransje regnklær som henger fisk på hjell (stativ)
Torsk frå lofotfisket blir tørka utandørs på eit spesielt stativ i tre månader for å bli tørrfisk.
Henge torsk til tørk
Av /NTB.

Tørrfisk er fisk som er tørka. Tørkinga gjer at nesten alt vatnet i fisken blir borte. Fisken blir hard og veg mindre. Tørkinga gjer at skadelege bakteriar ikkje kan overleve. Då kan fisken oppbevarast i lang tid.

Vanlegvis blir tørrfisk laga av torsk, men ein kan bruke andre fiskesortar òg, til dømes sei.

Tørrfisk har vore ei viktig matvare i Noreg i over tusen år, og blir regna som tradisjonsmat.

Å tørke fisk

Når ein skal lage tørrfisk, skjer ein av hovudet på den ferske fisken, og tek ut innvolane. Så vaskar ein vekk blodet og hengjer fisken til tørk. Tørkinga skjer utandørs, på store stativ av trestokkar. Stativet heiter hjell. Tørkinga på stokkar gjer at tørrfisk heiter stockfishengelsk.

Tørkinga tar cirka tre månader. Ferdig tørrfisk er stiv og hard som ein plankebit. Tørrfisk kan oppbevarast i fleire år utan å bli dårleg.

Tørrfisk liknar litt på klippfisk, men klippfisk er både salta og tørka.

Typar

Foto
Ferdig tørrfisk til salgs på Fisketorget i Bergen i Vestland.
Tørrfisk i butikk
Av /NTB.

I Noreg blir det laga mykje tørrfisk i Lofoten i Nordland. Det er fordi det er mykje vind der, og ikkje for varmt. Det blir òg fanga mykje fisk i havet der.

Ein lagar òg tørrfisk på Island og Færøyane.

Tillaging

Tørrfisk er veldig hard. Det er vanleg å leggje tørrfisk i vatn nokre dagar før ein skal ete. Då trekkjer vatnet inn i fisken, slik at han blir mjukare. Så kan ein koke eller steikje fisken. I Noreg er det vanleg å servere gulrøter, potetar, steikt bacon og kvit saus ved sida av.

I Noreg bruker ein òg tørrfisk til å lage lutefisk. Dette er ein tradisjonsrett som er populær i jula.

Tørrfisk kan òg serverast som snacks. Då bankar ein tørrfiskbitar med ein hammar. Det gjer at fibrane i fiskekjøttet blir knuste, slik at fisken blir mjuk.

Noreg sel nesten to tusen tonn tørrfisk til utlandet kvart år. Mesteparten blir seld til Italia, Kroatia og Nigeria. Der bruker ein tørrfisken i mange ulike matretter. Tørrfisk kan òg brukast som mat til hundar og kattar.

Historie

I Noreg har ein laga tørrfisk heilt sidan vikingtida. Tørrfisk har alltid vore viktig for handel mellom Noreg og andre land. Før bytte ein tørrfisk mot varer ein ikkje hadde i Noreg.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Arnt Steffensen