Surikat er eit lite pattedyr som lever heilt sørvest i Afrika. Surikatar lever i grupper, som samarbeider om å fange mat, passe på ungar og halde vakt.
Surikat er ikkje ein trua art.
Surikat er eit lite pattedyr som lever heilt sørvest i Afrika. Surikatar lever i grupper, som samarbeider om å fange mat, passe på ungar og halde vakt.
Surikat er ikkje ein trua art.
Surikaten har lang, slank kropp og lang hale. Lengda på kroppen er opp til 29 cm og halen opp til 24 cm. Han veg normalt litt over 700 gram. På kvar fot har han fire lange klør. Klørne kan bli opp til 1,5 centimeter lange. Dei er lengst på frambeina.
Pelsen til surikatar er lys brun eller lys grå. Dei har brune striper på tvers av ryggen og ut på sidene av kroppen. Pelsen er lysare på hovudet enn på kroppen, unnateken rundt auga, der han er svart. Øyra er små og runde, med mørk pels inni. Nasen kan variere, frå rosa til svart. Surikatar har store auge og ser svært godt i sterkt lys. Dei kan sjå ulike fargar, men ser dårleg i mørkret.
Surikatar kan bli 15 år gamle.
Surikatar kan leve i ulike typar natur. Dei likar best tørre, opne sletter med busker og gras.
Surikatar byggjer hôler i jorda. Hôlene kan vere store, med mange inngangar. Dei kan ha fleire gangar under jorda. Gangane fører til ulike rom. Når surikatane er i hôlene, blir dei verna mot sterk varme.
Surikatar lever i grupper, som samarbeider om å fange mat. Dei er rovdyr og et små dyr, som dei grev ut frå jorda med dei lange klørne sine. Dei et mest insekt, men òg skorpionar, edderkoppar og små krypdyr. Dei får i seg vatn frå byttedyra, og drikk sjeldan.
Fleire familiar kan vere i same gruppe. Kvar familie består av éi til tre hoer, opp til fire hannar og ungane deira. Gruppa markerer reviret sitt med lukt. Innanfor reviret kan det vere opp til fem hôler.
Når gruppa et, byter surikatane på å halde vakt etter rovdyr. Då står dei rett opp på bakbeina for å ha god oversikt. Elles sit dei ofte på bakbeina. Surikatar søv tett saman, for å halde på varmen når det er kaldt om natta.
Surikatane i ei gruppe kommuniserer med lydar. Dei lagar mange lydar som betyr ulike ting. Dei har til dømes ulike lydar for å varsle om rovfuglar og rovdyr på bakken, til dømes slangar og sjakalar. Det er særleg mange ungar som blir drepne av rovdyr. Gruppa kan samarbeide om å jage vekk rovdyr.
Innanfor ei gruppe er det vanlegvis berre eitt par som får ungar av gongen. Alle i gruppa hjelper til, med å ta vare på ungane. Hoa føder vanlegvis fire ungar per kull. Dersom få av ungane overlever, kan ho få opp til fire kull i løpet av eit år. Både hannar og hoer passar på og leikar med ungane.