Frå midten av 1800-talet ønskte den norske staten å fornorske fleire av minoritetane. Då prøvde dei å få minoritetane til å bli som nordmenn. Språka blei hardt undertrykt, og det var for eksempel ikkje lov til å snakke samisk på skulen. Færre og færre kunne både samisk, kvensk og romani.
Frå andre halvdel av 1900-talet har samane kjempa sterkt, for å ta tilbake kulturen og språket sitt. Mykje er gjort for å styrkje dei samiske språka. Likevel er dei framleis truga.
I 2005 fekk kvensk status som eit eiga språk i Noreg. Etter det har kvenske organisasjonar arbeidd for å lage eit eige kvensk skriftspråk.