Faktaboks

Også kjend som

på engelsk queer, som opprinneleg tyder rar eller annleis

Foto av Conchita Wurst med vinnarpremien i Eurovision. Hen har gul kjole, sminke og skjegg.
Felles for dei som kallar seg skeive er at dei bryt med normene i samfunnet. Eit eksempel er Conchita Wurst, som vann Eurovision Song Contest i 2014. Conchita Wurst heiter eigentleg Thomas Neuwirth, og opptredde i Eurovision med kjole, sminke og skjegg.
Conchita Wurst
Av /EBU, pressefoto.

Skeiv er eit ord somme brukar for å skildre seg sjølv og identiteten sin. Ordet blir oftast brukt av folk som ikkje er heterofile, eller som ikkje synest at dei passar inn i rolla som mann eller kvinne. Ordet skeiv blir brukt motsett av orda streit eller rett. Ein del av dei som kallar seg skeive ynskjer å utfordre det som er vanleg i samfunnet.

Somme kallar seg skeive, fordi dei ikkje vil kalle seg homofile, lesbiske eller bifile. Andre kallar seg skeive, fordi dei ikkje ønskjer å definere seg som anten homofil, lesbisk eller bifil. Somme kan omtale seg sjølv som både homofil og skeiv og bruke desse orda likt. Andre homofile eller lesbiske ønskjer ikkje å kalle seg skeive i det heile.

Bryt med norma

Felles for dei som kallar seg skeive, er at dei bryt med normene i samfunnet. Ei norm seier kva som blir sett på som vanleg, naturleg eller normalt i samfunnet. Til dømes tenkjer mange at ein gut vil forelske seg i ei jente. Gutar som forelskar seg i gutar bryt med norma. Norma som seier at par skal bestå av mann og kvinne blir kalla heteronormativitet. Mykje av samfunnet, og mange lovar, er bygt på denne norma. Skeive har kjempa for å endre normene, slik at det har blitt greitt å leve på fleire måtar.

Også personar som er heterofile kan kalle seg skeive. Då kan grunnen vere at dei bryt med forventningar til korleis kvinner og menn bør sjå ut og oppføre seg. Nokre av desse er personar som ikkje ønskjer å kalle seg mann eller kvinne. Dei kan til dømes vere ikkje-binære. Andre opplever at dei er eit anna kjønn enn det dei vart fødde med. Desse blir ofte kalla transpersonar.

Ei anna gruppe som brukar ordet skeiv om seg sjølv, er dei som ikkje ynskjer å leve i vanlege parforhold. Somme vil til dømes ha fleire kjærastar samtidig.

Pride

Pride i Oslo i 2018
Pride i Oslo i 2018
Av /NTB.

Skeive har laga organisasjonar for å kjempe for like rettar. Den største i Noreg er Foreningen FRI. Foreininga arrangerer pride-paradar, for å feire skeiv kjærleik og mangfald. I Noreg vart pride arrangert for første gong i Oslo i 1974. No blir det arrangert pride mange stader i landet kvart år.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Reidar Schei Jessen
Forsker, Universitetet i Oslo