
selje

Blada til selje kan sjå ganske ulikt ut. Ofte er dei avlange som her. Dei kan også vere rundare. Blada er mørkegrøne og ganske tjukke.
Beskriving

Samlingane av blomar hos hanntrea til selja blir kalla gåsungar.
Selje kan bli ganske store tre, åtte meter høge. Blada er som regel avlange. Dei er mørkegrøne og ganske tjukke.
Selje blomar tidleg om våren før dei har fått blad. Blomane er små, men dei sit tett saman i aks. Desse aksa blir kalla gåsungar. For mange er dette eit kjært vårteikn.
Seljetre har anten berre hannblomar eller berre hunnblomar. Pollenet er gult og gåsungane på hanntrea er difor gule. Det er desse gåsungane som flest bruker til pynt inne. På hotrea er gåsungane grågrøne fordi arra er grønlege.
Seljeblomane lagar nektar. Selje er viktig mat for humler om våren fordi det er så få andre blomar. Etter befruktning lagar hoblomene frukter. Fruktene er frø som har hår som liknar dun. Dette gjer at dei blåser langt av garde med vinden.
Stader det veks selje

Hotrea har også gåsungar, men dei er ikkje så tydeleg gule.