Man ser litt av jorden og en del av det svarte verdensrommet. I midten av bildet er den en blå satellitt. Den er formet som en firkant med to flate "vinger" ut på hver side.

Kommunikasjonssatellittar blir brukte til å overføre til dømes TV-program, telefonsamtalar og data.

Illustrasjon av kommunikasjonssatelitt.
USAF.

Ein satellitt er noko som går i bane rundt ein himmellekam. Det finst både naturlege og kunstige satellittar. Satellittar finst i mange storleikar. Somme veg berre nokre få gram, medan andre kan vege fleire tonn.

Jorda er til dømes ein naturleg satellitt, som går rundt Sola, og Månen er ein naturleg satellitt som går rundt Jorda.

Kunstige satellittar er skotne opp i verdsrommet av menneske. Når ein bruker ordet satellitt, meiner ein vanlegvis dei kunstige satellittane. Dei blir brukte til kommunikasjon, navigasjon, måling og observering.

Kommunikasjon

Man kan se litt av Jorden og litt av verdensrommet. I midten på bildet er den en firkantet satellitt.

Satellitten Envisat går i bane rundt Jorda. Han observerer Jorda frå verdsrommet, og gjev informasjon om til dømes miljøet og klimaendringar.

Satellittar som ein brukar til kommunikasjon sender informasjon og datasignal. Signala kan bli sende mellom to brukarar på Jorda, eller mellom romfartøy eller romsondar og Jorda. Satellittar kan òg brukast for å sende signal mellom verdsdelane, eller over hav, til dømes TV-signal og telefonsamtalar.

Navigasjon

Satellittar som ein brukar til navigasjon, som til dømes det amerikanske GPS eller det europeiske Galileo, gjer at ein brukar kan finne den heilt nøyaktige posisjonen sin på jorda. Desse satellittane sender òg svært nøyaktige tidssignal til brukarar og maskiner på Jorda.

Måling og observasjonar

Satellitter blir ofte brukte til å måle og undersøkje noko som er langt unna. Det kan til dømes vere å ta bilete eller måle noko på Jorda. Det blir kalla jordobservasjonssatellitt.

Vêrsatellittar måler og undersøkjer det ein treng for å lage vêrmeldingar.

Satellittar blir òg brukte i astronomi og forsking, for å studere verdsrommet og himmellekamar, eller til å måle noko der dei er, til dømes stråling i verdsrommet.

Den internasjonale romstasjonen (ISS) er ein stor romstasjon, som går i bane rundt Jorda. Han er dermed òg ein type satellitt. Romstasjonen er bemanna, det betyr at det bur menneske på romstasjonen heile tida.

Historie

Den aller første satellitten som blei send i bane rundt Jorda, var Sputnik 1. Han var russisk og blei skoten opp 4. oktober 1957. Tida etter det blir kalla «romalderen».

I 1962 blei den første satellitten som blei brukt til kommunikasjon, skoten opp. Han blei brukt til å sende signal mellom Europa og USA. Sidan den gong, har ein skote opp svært mange satellittar. Berre i 2022 blei meir enn 2400 satellittar sende i bane rundt Jorda.

Ein stor del av dei kunstige satellittane som går i bane rundt Jorda, verkar ikkje lenger, og er romsøppel.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Arvid Bertheau Johannessen
Norsk romsenter