Teikning av ei plante som synes at vatn blir frakta opp i planta gjennom. Teikninga syner også at planta tar opp karbondioksid og slepp ut oksygen, samstundes som ho får energi frå sola.

Rota festar planta til jorda. Rota tar opp vatn og næring frå jorda. Stengelen fraktar så vatnet og næringa ut til blada.

Rot er ein del av ei plante, og nesten alle planter har røter. Vanlegvis utviklar røtene seg nede i jorda. Store tre kan ha store og tjukke røter. Mindre planter har ofte eit mindre rotsystem.

Mosar er eksempel på planter som ikkje har røter.

Funksjon

Gjennom røtene tek plantene opp vatn og næringsstoff dei treng frå jorda. Røtene festar òg plantene til underlaget.

Nokre planter lagrar næring i røtene. Nokre av desse røtene kan ein ete, for eksempel gulrot og pastinakk.

Rota til nokre planter kan innehalde stoff som er svært giftige. Desse kan vera farlege å ete, som for eksempel selsnepe.

Utvikling av røter

purre med jord og røter

Purren har mange røter, som er like tjukke og veks ut ifrå stengelen. Denne typen røter blir kalla knipperøter

Foto av purre
Av /Shutterstock.

Når eit frø spirer, er rota det første som kjem ut av frøet. Rota veks nedover i jorda, medan blada strekk seg oppover mot lyset. Vatnet som røtene tek opp frå jorda blir frakta vidare opp gjennom stengelen og til blada, der fotosyntesen skjer.

Lagring av næring

Nokre planter lagrar næring i røtene. Næringa lagrar dei for å klare seg betre, når vekstforhalda er dårlege, for eksempel når det er tørke. Nokre av artane som lagrar næring på denne måten blir dyrka som rotvekstar.

Gulrot og pastinakk har næring lagra i hovudrøtene. Søtpotet lagrar næring i eigne rotknollar. Ikkje alle rotvekstar er danna av røter, sjølv om dei veks under jorda. Potet er danna av oppsvulma stenglar, og ikkje av røter.

Rottypar

trestamme med luftrøter
Fleire artar som veks i mangroveskog har røter som veks ut frå stammen i lufta. Dei veks nedover og grev seg etterkvart ned i botnen. Desse røtene blir kalla støtterøter.
Støtterøter hjå Rhizophora mangle.
Av /Wikimedia Commons.
Lisens: CC BY SA 3.0

Hos nokre planter, som for eksempel gras og lauk, blir det danna mange røter som er omtrent like tjukke. Dei veks ut heilt nedst på stengelen til planta. Denne type røter blir kalla knipperøter.

Andre planter dannar røter, der røtene ikkje er like tjukke. Då veks det ut éi hovudrot. Frå denne veks det ut mindre siderøter. Dette finst hjå alle trea i Noreg og hjå mange av plantene med blomar, som for eksempel løvetann og blåveis.

Det kan òg bli danna røter frå andre deler av planta, men desse har anna funksjon.

Luftrøter blir danna over jorda. Dei veks ut frå stengelen på planta og kan ha ulike funksjonar:

  • Støtte for planten (støtterøter)
  • Hjelpe til med fotosyntese
  • Feste planten til underlaget (klatrerøter)

Samarbeid

Gjennom røtene kan plantene samarbeide med andre organismar.

Nesten alle planter dannar sopprot, som er eit samarbeid mellom sopp og planterøter. Nokre røter dannar knollar med bakteriar, som hjelper planta med å ta opp nitrogen.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Unni Vik
Førsteamanuensis, OsloMet – storbyuniversitetet