portugisisk
Utbreiing
Portugisisk er offisielt språk i Portugal og fleire andre land:
Desse landa var tidlegare portugisiske koloniar. Då måtte alle som budde der, lære portugisisk.
I Aust-Timor er portugisisk offisielt språk, ved sidan av andre språk.
Brasil er landet der flest snakkar portugisisk.
Særdrag
Det portugisiske alfabetet har 26 bokstavar. K,w og y er bokstavar som berre blir nytta i ord som er lånt frå andre språk.
Portugisisk har mange nasale vokalar. Desse blir skrivne med ~-teiknet over bokstaven, som ã og ẽ. Portugisisk har enkel og sterk r-lyd (r og rr). I Portugal er ofte den sterke r-lyden uttalt som skarre-r.
På portugisisk kan verb vere ganske vanskeleg å bøye. Til dømes blir verb bøygde etter person. På norsk er verb bøygde likt, uansett person.
Substantiv har berre han- eller hokjønn.
Dialekt
I Portugal er det lite forskjell på dialektar. Ein skil mellom tre dialektar:
- Nord-portugisisk
- Sentral-portugisisk
- Sør-portugisisk
Det er nokså stor forskjell på portugisisk i Portugal og portugisisk i Brasil. Særleg måten orda blir uttalt på, er forskjellig.
Norske ord frå portugisisk
Historie
Portugisisk stammar frå latin. I 1290 fekk Portugal sitt første universitet. Då blei det bestemt at dei skulle bruke den folkelege varianten av latin på universitetet. Dei kalla dette språket língua portuguesa.
Først i 1911 blei det bestemt ein offisiell stavemåte for portugisisk i Portugal. Denne stavemåten blei også nytta i andre delar av verda, der folk snakka portugisisk. I 1938 fekk Brasil sin eigen stavemåte, som skil seg frå Portugal sin, på nokre punkt.
Portugisiske ord kjem først og fremst frå latin. Portugisisk har ein del grammatikk som liknar på spansk.
Portugisisk er i same språkfamilie som spansk og fransk.