Foto av armane og overkroppen til ein person i bunad med ei pølse med lompe i den eine handa, som strekk seg mot ein sennep med den andre.
Pølse med lompe eller brød er vanleg å ete på festdagar i Noreg. Her frå 17. mai-feiring. Jenta i bunad skal ha både ketsjup og sennep på si pølse i lompe.
/NTB.

Pølser er ein type mat som blir laga av kverna kjøt. Det er populær mat over heile verda. I Noreg er det vanleg med wienerpølse og grillpølse, som blir etne i lompe eller pølsebrød. Nokre typar pølser blir brukte som pålegg, slik som salami og servelat.

Typar

Dei fleste pølser blir etne varme, anten ved at ein steikjer, grillar eller koker dei. Andre pølser skal etast kalde, for eksempel servelat, salami og spekepølse.

Pølser smaker ulikt etter kva som er i dei, og korleis ein har laga dei. Ein kan for eksempel

  • bruke kjøt frå ulike dyr
  • gje pølsene røyksmak
  • lage pølser med ekstra mykje kjøt
  • bruke ulike typar krydder
  • ha ostebitar eller chili inni pølsa
  • lage pølser med mindre feitt

Kjøtet ein bruker i pølser er det ein ikkje får selt i butikken. Det er ikkje noko gale med kjøtet, men det kan vere små bitar som ikkje ser like fine ut som ein biff, kotelett eller steik gjer. Innmat, som hjarte, lever og nyre, blir brukt i spekepølser. Når ein brukar alt kjøtet frå eit dyr, blir pølser eit meir berekraftig produkt.

Å lage pølser

Pølser blir laga ved å blande kverna kjøt med salt, krydder, feitt, mjølk og mjøl. Når alt er blanda saman til ein deig, blir han stappa i eit pølseskinn.

Det er vanlegast å bruke svinekjøt og oksekjøt, men det finst òg pølser med kjøt frå for eksempel kylling eller and. Kjøtet i pølser er ofte salta og røykt. Det finst pølser utan svinekjøt, for dei som vil at maten skal vere halal. Vegetarpølser blir for eksempel laga av protein frå soyabønner.

Pølseskinnet er ofte tarm frå gris eller sau. Tarmen er vaska grundig og er heilt rein. På nokre pølser, som grillpølser, er skinnet laga fiber frå planter eller av bindevev, som er eit stoff ein får frå dyr.

Pølser i Noreg

I Noreg er det grillpølse og wienerpølse som er mest populært. Folk i Noreg et i gjennomsnitt 100 pølser kvar i året.

Pølser blir ofte serverte i bursdagar for barn og på 17. mai. Det er også mange som kjøper pølse på kiosk eller bensinstasjon.

Det vanlegaste er å servere pølsene i lompe eller pølsebrød, og ha på ketsjup og sennep. I Moss i Østfold serverer dei pølse i vaffel.

Mange et òg kokt eller steikt pølse til middag. Då er det vanleg å ha det saman med potetstappe.

På julaftan er det mange som serverer spesielle pølser. Til ribbe er det vanleg å ha julepølse, og til pinnekjøt har ein ofte vossakorv.

Pølser i andre land

Dei fleste land har eigne tradisjonar for pølse. Sverige har falukorv. Danmark har raud wienerpølse. Tyskland har bratwurst. Italia har pepperoni.

Helseråd

Helsedirektoratet gjev råd om helse til alle som bur i Noreg. Dei seier at ein ikkje bør ete for mykje feitt og tilarbeidd kjøt. Pølser er eit eksempel på tilarbeidd kjøt. Pølser inneheld òg mykje feitt.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Arnt Steffensen