Latin var opphavleg språket til innbyggjarane i og rundt byen Roma. Gjennom heile mellomalderen, til langt inn i nyare tid, var latin det viktigaste skriftspråket i Europa.
Latin er ikkje lenger eit aktivt språk, men det har påverka mange av språka som finst i dag. Dessutan blir mange latinske ord framleis brukt innan medisin og i andre fag. Få andre språk har betydd like mykje for historia til verda.
Det latinske alfabetet er det mest vanlege alfabetet i verda.