Faktaboks

Også kjend som

mononukleose

Foto av kvinne som held seg på halsen

Det er ikkje alle som merkar at dei har kyssesjuke. Symptoma kan minne om ei vanleg forkjøling. Hovne mandlar og vond hals kan vere teikn.

Foto
Av /Shutterstock.

Kyssesjuke er ein infeksjon som kjem av eit virus. Den set seg i halsen og i lymfeknutane. Det er barn og ungdom som vanlegvis får kyssesjuke. Det finst ingen vaksine eller medisin mot sjukdommen.

Smitte

Kyssesjuke kjem av Epstein-Barr-viruset (EBV). Mange som blir smitta, får ingen teikn på sjukdommen. Dei kan likevel smitte andre. Viruset finst i munnen og i spyttet. Difor kan ein bli smitta, ved til dømes å dele flaske med nokon, eller at nokon nys eller hostar. Ein kan òg bli smitta, ved å kysse éin som er sjuk.

Ein blir sjuk frå tre til seks veker etter at ein blei smitta. Hjå vaksne har dei aller fleste antistoff mot sjukdommen, som teikn på at dei har hatt infeksjonen tidlegare i livet. Når ein har hatt kyssesjuke, ligg viruset framleis kvilande i kroppen sine celler og kan vakne, viss ein blir alvorleg sjuk av noko anna.

Symptom

  • Feber
  • Hovne, raude mandlar med kvitt belegg
  • Hovne lymfeknutar i halsen, armholene og i lyskene
  • Dårleg ande og forandra stemme
  • Hevelse rundt auga
  • At ein blir svært trøytt
  • Dårleg matlyst
  • Vondt i hovudet

Somme brukar fleire veker på å bli friske.

Undersøkelser

Legen kan sjekke med ei blodprøve, om ein har antistoff mot Epstein-Barr-viruset. Legen kan òg sjå om levra eller milten er blitt større. Det er vanleg å få betennelse i levra.

Følger

I nokre veldig få tilfelle kan milten sprekke. Difor skal ein vere forsiktig med fysisk aktivitet, så lenge ein kjenner seg sjuk.

Behandling

Det finst ingen medisin mot kyssesjuke, og det finst heller ingen vaksine mot sjukdommen. Ein bør unngå å drikke alkohol, dersom sjukdommen har påverka levra.

Varm drikke kan lindre smertene i halsen. Pastillar og sugetablettar kan hjelpe mot dårleg ande.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Bianca Stammler Jaliff
Overlege i infeksjonsmedisin, Akershus universitetssykehus