Homofil er ein person som blir forelska i, eller har lyst til å ha sex med, personar av same kjønn som seg sjølv. Å vere homofil er ei seksuell orientering og noko ein blir fødd som. For somme er det å vere homofil ein viktig del av identiteten.
Ordet homofil blir brukt om både kvinner og menn. Ordet blir oftast brukt om menn, som blir tiltrekte av andre menn. Mange kvinner som er tiltrekte av kvinner brukar heller ordet lesbisk. Nokre homofile bruker også ordet skeiv for å beskrive seg sjølv. Menneske som blir tiltrekte av fleire kjønn kallar seg ofte bifile eller panfile.
Å vere tiltrekt av berre det motsette kjønnet blir kalla heterofili. Omlag 93 prosent av vaksne i Noreg seier at dei er heterofile. Resten har ei anna seksuell orientering.
I Noreg har homofile like rettar som heterofile. Det er ulovleg å diskriminere nokon, på grunn av seksuell orientering. I andre land er det vanskeleg eller farleg å vere homofil. Det er ulovleg å vere homofil i meir enn 60 land.