Geometri er ein del av matematikken som handlar om figurar, vinklar, flatar og rom.

geometri

Ein mangekant med seks sider er ein heksagon. Ein heksagon er ein flat figur.

Ein terning blir også kalla ein kube. Det er ein geometrisk lekam som består av seks like kvadrat, eller firkantar.

Pyramide er ein tredimensjonal figur. Pyramide er i geometrien ein lekam som har ei grunnflate med mange kantar og trekanta sideflater. På illustrasjonen er b breidda, l er lengda og h er høgda.
Figurar
Sirklar, trekantar og firkantar er døme på flate geometriske figurar. Ein mangekant er ein figur som er sett saman av berre rette sider. Vinklane mellom sidene blir kalla sidevinklar.
Terningar, pyramidar og kuler er tredimensjonale figurar. Dei er ikkje flate, men tek opp plass i eit rom. Tredimensjonale figurar blir kalla lekamar.