Erobre er å bruke vald, våpen eller militære styrkar for skaffe seg makt over ein by, eit land eller eit område.

I historie blir det ofte brukt om at ein leiar for ein stat tek over makta i ein annan stat. Eit eksempel er då Napoleon 1. Bonaparte erobra delar av Nederland i 1811.

Erobre blir òg brukt om å vinne noko etter ein hard konkurranse, eller skaffe seg noko etter å ha jobba hardt. For eksempel kan ein seie at eit landslag som gjer det bra i VM i fotball har erobra verda. Eller at ei bedrift som sel bilar har erobra flest kjøparar i Noreg.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Merethe Roos
Professor i historie, Universitetet i Sørøst-Norge