Celsius er ein type grader som ein måler temperatur med. Ein seier til dømes at temperaturen ute er 25 grader celsius. Til vanleg seier ein berre at det er 25 grader. Forkortinga til celsius er C.
Teiknet for grader er °. Ein kan skrive temperaturen som 25 °C eller berre 25°.
Celsius-skalaen er laga slik at 0 °C er den temperaturen der vatn frys til is, og 100 °C er temperaturen der vatn koker. Kroppen til menneske har vanlegvis ein temperatur på omtrent 37 °C.
Ein måler temperatur med eit termometer.