Faktaboks

Også kjend som

brunbjørn

Ein brunbjørn står oppreist på bakbeina. Ein kan sjå at bjørnen er høg og stor, mykje større enn menneske.
Bjørnen er Europas største og sterkaste rovdyr. Han kan bli inntil 2,5 meter høg, når han står.
Brunbjørn
Lisens: CC BY SA 3.0
Teikning av bjørnespor
Bjørnen har store føter med fem tær med klør. Heile solen på bakfoten er nedi, når han går. Bakfoten måler 20 til 30 cm.
Teikning av bjørnespor
Av /NINA / Artsdatabanken.
Lisens: CC BY SA 4.0

Brunbjørn, oftast berre kalla bjørn, er eit stort rovdyr. I Noreg lever det bjørn aust i landet, frå Troms og Finnmark, og sørover til Innlandet. På Svalbard finst det òg ein annan type bjørn, isbjørnen.

Bjørnen lever i store område av Eurasia og Nord-Amerika. Grizzlybjørn og kodiakbjørn er typar av brunbjørn, som lever i mellom anna Nord-Amerika.

Beskriving

Ei binne står foran tre i skogen. I trea klatrar tre små ungar.

Bjørnen får éin til tre ungar om gongen. Ungane bur saman med mora i inntil fire år.

Foto
Av /Shutterstock.

Bjørnen kan bli opp til 2,5 meter lang og vege 100-300 kilo. Pelsen er tjukk og brun. Bjørnen har ein kraftig kropp, med tjukk hals og stort hovud. Øyra er runde og står opp. Bjørnen har små auge og kort hale.

Hannbjørnen blir kalla bamse, og hobjørnen blir kalla binne.

Sjølv om bjørnen går på alle fire beina til vanleg, kan han òg reise seg opp på bakbeina.

Levevis

Verdskart med utbreiing av bjørn

Bjørnen finst i store område av Eurasia og Nord-Amerika. Områda er merkte i raudt på kartet.

Verdskart med utbreiing av bjørn

Bjørnen lever i mange ulike typar natur. I Noreg trivst han best i barskog, og helst på stader som er vanskelege for menneske å komme til.

Bjørnen et mykje ulikt. Han et mykje planter, som til dømes bær, saftige røter og urter. Han kan òg ete visse dyr, som larvar, maur og mus, i tillegg til honning.

Bjørnen kan av og til ta sauer på beite, eller kalvar av elg og rein. I nokre område av Nord-Amerika og Russland et bjørnen òg mykje fisk, særleg laks.

Vaksne bjørnar lever åleine, bortsett frå i paringstida.

På hausten grev bjørnane ut hòler, for å sove i. Dette blir kalla å gå i hi eller dvale. Hiet kan bli laga i ei gammal maurtue, i jorda eller i ei steinrøys. Når bjørnen er i dvale, blir temperaturen i kroppen seinka, og bjørnen et ikkje noko. I Noreg er bjørnen i hi frå oktober-november til april-mai.

Formeiring

Bjørnane parar seg frå mars til juli. Ungane blir fødde i hiet til binna, mellom desember og februar. Binna føder som oftast éin, to eller tre ungar. Når ungane forlèt hiet på våren, veg dei om lag fire kilo. Binnene har mjølk i rundt 2,5 år, og ungane kan følgje henne i inntil fire år.

Historie

Rundt 1850 trur forskarar at det var omlag 4000–5000 bjørnar i Skandinavia. Meir enn halvparten av desse var i Noreg. Mange jakta etter kvart på bjørn, på grunn av det fine pelsen og kjøttet. Mange meinte òg at bjørnen var eit skadedyr, som dei måtte utrydde. Sidan 1930-talet har bjørnen vore omtrent utrydda i Noreg.

Seinare har det vandra inn bjørnar frå Russland, Finland og Sverige. I dag står bjørnen i fare for å bli utrydda igjen. Han er difor heilt freda i Noreg.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Kjetil Lysne Voje
Ph.d., Universitetet i Oslo