Illustrasjonen viser fem lag. På hvert lag står det hvor mange kilometer det er fra Jorda. Nederst er Troposfæren, som er ca  6-20 kilometer fra Jorda. Så kommer Stratosfæren, som er ca 50 kilometer fra Jorda. Så kommer Mesosfæren, som er ca 85 kilometer fra Jorda. Så kommer Termosfæren, som er ca 690 kilometer fra Jorda og til slutt Eksosfæren, som er ca 10 000 kilometer fra Jorda.
Illustrasjon av Jorda sin atmosfære, med dei ulike laga. Det er troposfæren, stratosfæren, mesosfæren, termosfæren og eksosfæren.
Illustrasjon
Av /Omsett av Jon Harald Søby.

Atmosfæren er eit lag av luft som ligg rundt Jorda. Andre planetar, stjerner og månar kan òg ha ein atmosfære. Desse atmosfærane kan bestå av andre gassar enn atmosfæren til Jorda.

Atmosfæren er viktig

Atmosfæren er viktig for livet på Jorda. Éin av gassane i atmosfæren er oksygen. Dyr og menneske treng oksygen for å kunne puste. Atmosfæren vernar også mot farleg stråling frå verdsrommet.

Nede på Jorda er lufta ganske tjukk. Men ho blir tynnare og tynnare, jo høgare opp ein kjem. Derfor må klatrarar ha med seg oksygen i ein tank, når dei skal klatre på svært høge fjell.

Utan atmosfæren, ville det blitt iskaldt på Jorda. Då kunne ikkje dyr og menneske levd her. Sola varmar opp Jorda, men Jorda sender noko av varmen ut att. Atmosfæren fungerer som ein spegel, som reflekterer ein del av denne varmen tilbake til Jorda. Dette blir kalla drivhuseffekten.

Gassane i atmosfæren

Lufta i atmosfæren er sett saman av mange ulike gassar.

Nede ved bakken er det mest av gassane nitrogen og oksygen. Omtrent 79 prosent av lufta rundt oss er nitrogen. Omtrent 21 prosent av lufta er oksygen.

Det finst òg litt vassdamp, metan, karbondioksid og fleire andre gassar i atmosfæren.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Anna Kathinka Dalland Evans
Universitetet i Oslo