Marmorstatue med en stor, kraftig mann. Han sitter på en stein med en trefork i høyre hånd.

Poseidon er havguden, og han blir ofte framstilt med ein trefork i handa. Ein trefork er eit spyd med tre spissar som ein bruker til å fange fisk med.

Poseidon
Av /Nordre Toldbod i København.
Lisens: CC BY SA 3.0

Poseidon er havguden i gresk mytologi. Han bur i eit palass djupt nede i havet. Poseidon var guden for dei som reiser på havet. Sjømenn hadde for vane å be Poseidon om ei trygg reise. Han var òg guden for hestar.

Våpenet til Poseidon er ein trefork. Det er ein reiskap til å fange fisk med. Med den kan han skape jordskjelv og bylgjer, og gjere det stille att.

Sjølv om han bur i havet, høyrer Poseidon óg saman med dei olympiske gudane som bur på Olympen.

Poseidons familie

Omslag, grafisk roman.
Det blir laget både filmer, TV-serier og tegneserier med gresk mytologi som tema. Bildet viser omslaget til den grafiske romanen om Poseidon i serien Olympians.
Omslag, grafisk roman.
Av .
  • Foreldra heiter Kronos og Rhea.
  • Brørne hass heiter Zevs og Hades.
  • Systrene hass heiter Hera, Hestia og Demeter.
  • Kona heiter Amfitrite.
  • Sonen til Poseidon og Amfitrite heiter Triton.

Poseidon hadde mange barn utanfor ekteskapet. Helten Thesevs er eitt av dei. Pegasus, som er ein hest med venger, er òg barnet til Poseidon.

Mange av Poseidons barn var monster. Til dømes:

  • Antaios, ei kjempe som utfordra framande til kamp og drap dei.
  • Kharybdis, eit digert havmonster.
  • Polyfemos, ein kyklop, som var ei kjempe med eitt auge.

Poseidon og naturkreftene

Det var Zevs som bestemde at Poseidon skulle herske over havet. Grekarane hadde stor respekt for Poseidon. Han vart fort rasande, og då skapte han stormar, jordskjelv og vulkanutbrot.

Han blir òg kalla Jordristaren.

Av og til køyrer Poseidon på overflata av havet med ei vogn som er trekt av hestar. Bak han kjem det alle slags sjømonster og vesen som bur i havet.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Stian Torjussen
Førsteamanuensis i KRLE, Universitetet i Innlandet