Peru er eit land som ligg i Sør-Amerika. Landet grensar til Ecuador, Colombia, Brasil, Bolivia og Chile. Peru har òg ein lang kyst mot Stillehavet. Hovudstaden heiter Lima.

Peru
Faktaboks
- Hovudstad
- Lima
- Innbyggjartal
- 33,4 millionar
- Storleik
- 1 280 000 km²
- Statsform
- republikk
- Statsoverhovud
- Dina Boluarte
- Språk
- spansk, quechua, aymara
- Nasjonaldag
- 28. juli
- Valuta
- peruansk nuevo sol


Peru (mørkegrønt) ligg i Sør-Amerika (lysegrønt).
Natur og klima

Peru og nabolanda
Vest i Peru ligg Andesfjella, som går gjennom fleire land i Sør-Amerika. Andesfjella er den lengste fjellkjeda i verda. Peru er omlag tre gonger så stort som Noreg i storleik.
Sør-Amerikas største innsjø, Titicacasjøen, ligg på grensa mellom Peru og Bolivia. Det er også ørken, regnskog og grassletter i landet. Det høgaste fjellet i landet er Huascarán, 6768 meter over havet.
Nasjonaldyret er kondoren, som er éin av verdas største fuglar. Det lever også chinchilla, skjelpadder, jaguar og brillebjørn i landet.
Rundt 75 prosent av straumen i landet kjem frå fossile energikjelder som olje og gass. Resten kjem frå fornybar energi.
Peru har eit svært variert klima. Langs kysten er det varmt vêr heile året, medan det er kaldare i fjellområda.
Folk og kultur

Inkabyen Machu Picchu vart bygd på 1400-talet. Tusenvis av turistar vitjar staden kvart år.
Størstedelen av befolkninga i Peru består av mestisar, som er ei blanding av amerikanske urfolk og menneske med europeisk opphav. Rundt 60 urfolksgrupper bur i regnskogen i Amazonas.
80 prosent av menneska i Peru bur i byar. Spansk og quechua er offisielle språk. Kristendom er den største religionen, og dei fleste er katolikkar.
Alle barn må gå på skule frå dei er 6 år til 16 år. Skulen er gratis, og rundt 60 prosent av elevane held fram på vidaregåande.
Fotball er den mest populære sporten blant barn og ungdom.
Politikk og økonomi

Feiring av Inti Raymi-seremonien i byen Cuzco. Dette er ein tradisjonell seremoni frå Inka-kulturen.
Historie
På 1400-talet var Peru ein del av det store Inkariket, som herska over store område i Sør-Amerika.
Etter at Spania koloniserte området på 1500-talet, døydde mange urfolk av sjukdommar som spanjolane førte med seg. Peru vart sjølvstendig i 1821.
På 1900-talet var det fleire periodar med militærkupp og uro i landet. I 1980 tok det siste diktaturet slutt, og landet fekk ein demokratisk vald president.
Dei siste tiåra har Peru fått betre økonomi, men framleis er det store skilnader mellom dei med høg og låg inntekt.