Neptun er den ytste planeten i solsystemet. Det er ein gassplanet. Om ein tel frå Sola, er Neptun den åttande planeten. Neptun er den fjerde største planeten i solsystemet.

Neptun


Neptun er den 8. planeten i solsystemet, viss ein tel frå Sola. I denne teikninga er ikkje avstandane og storleikane rette.

Neptun sine ringar lyser svært svakt. Lyset frå Neptun er dekt til i dette biletet, for at det skal vere mogleg å sjå ringane.
Utsjånaden til Neptun
Neptun er nesten fire gonger større enn Jorda.
Neptun er blå i fargen. Fargen kjem av at det er mykje av gassen metan i atmosfæren til Neptun. I atmosfæren er det også kvite skyer.
Bana til Neptun
Avstanden mellom Neptun og Sola er omlag 30 gonger så lang som avstanden mellom Jorda og Sola. Neptun er 4,5 milliardar kilometer frå Sola.
Neptun går i bane rundt Sola. Planeten bruker 165 år på heile runden. Neptun snurrar også rundt seg sjølv. Derfor har han døgn, akkurat som på Jorda. Eit døgn på Neptun varer 19,2 timar. Det er ikkje så annleis frå eit døgn på Jorda, som er omlag 24 timar.
Neptun er vippa over på sida, med ein vinkel på 28 grader når han roterer rundt seg sjølv. Dette er nesten likt som på Jorda. Dette gjer at Neptun har ulike årstider, på same måte som Jorda.
Månane og ringane til Neptun
Neptun har 14 månar. Den største heiter Triton. Triton er nesten like stor som Månen.
Neptun har ringar rundt seg, men dei er svært svake og vanskelege å sjå.
Besøk på Neptun
Det har aldri vore menneske på Neptun. Romfartøyet Voyager 2 flaug forbi Neptun i 1989. Voyager 2 er det einaste romfartøyet som har vore i nærleiken av Neptun. Voyager 2 studerte også månane og ringane til Neptun.
I dag blir Neptun studert med teleskop, på bakken på Jorda og i verdsrommet.
Neptun er kalla opp etter den romerske havguden Neptun. Månane til planeten er oppkalla etter andre havgudar og nymfer frå gresk mytologi.