Jugoslavia er namnet på tre land i Europa, som har eksistert på ulike tidspunkt. Desse tre landa har delvis omfatta dei same områda.
Dei tre landa er:
Jugoslavia er namnet på tre land i Europa, som har eksistert på ulike tidspunkt. Desse tre landa har delvis omfatta dei same områda.
Dei tre landa er:
Kongeriket Jugoslavia blei danna i 1918 etter første verdskrigen. Det eksisterte fram til andre verdskrigen i 1941.
Landet blei styrt av kong Aleksander 1. fram til 1934. Då blei kongen skoten, og fetteren hans, prins Paul 1., styrte landet til 1941.
Den sosialistiske republikken Jugoslavia blei oppretta etter andre verdskrigen, i 1945. Han blei styrt av det kommunistiske partiet, leidd av Josip Broz Tito.
Republikken bestod av Serbia, Slovenia, Kroatia, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Nord-Makedonia. Han blei oppløyst i 1991.
I 1992 danna Serbia og Montenegro ein stat. Dette skulle vere etterfølgjaren til republikken Jugoslavia. Han blei leidd av president Slobodan Milošević.
Staten fekk ikkje bli medlem av FN. Staten endra namn i 2003 til Statsunionen av Serbia og Montenegro. I 2006 ville Montenegro bli eit eige land, og unionen blei oppløyst.