Statue av Hestia

Romersk marmorstatue laga i kopi av ein original gresk bronsestatue. Det er litt usikkert, men ein trur det er ein statue av Hestia.

Museum of Classical Archaeology Databases.

Hestia er ei gudinne i gresk mytologi. Ho vernar heimen og familien.

Hestia er gudinne for elden som brann i heimane og i templa. Namnet hennar tyder eldstad på gresk.

Hestia er ei av gudinnene som bur på Olympen, heimen til gudane.

Familien til Hestia

  • Foreldra heiter Kronos og Rhea.
  • Brørne heiter Poseidon, Hades og Zevs.
  • Systrene heiter Demeter og Hera.
  • Hestia er ikkje gift, og ho har ingen barn.

Eldstad

I dei greske byane var ein eldstad midtpunktet i byen. Staden var heilag, og det var til ære for Hestia.

Elden var viktig i heimane. Den vart brukt til både varme, lys og matlaging. Elden i heimen var òg ein viktig del av ritual og tilbeding. Om elden i heimen slokna, var det vanskeleg å få tent han igjen. Det betydde òg ulukke. Difor var det viktig at han alltid brann.

Fem dagar etter at eit barn vart fødd, vart barnet bore rundt eldstaden i heimen. Slik vart det ein del av familien.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Stian Torjussen
Førsteamanuensis i KRLE, Universitetet i Innlandet