en marmorstatue av en ung, naken mann. Han holder et spyd i hånden og lener seg på en kuttet trerstolpe.

Guden Adonis blir ofte framstilt som ein vakker, ung mann.

Av /Thorvaldsens Museum.

Adonis er ein ung prins i gresk mytologi. Han blir skildra som svært vakker. Kjærleiksgudinna Afrodite er forelska i han.

Familien til Adonis

Bildet viser en del av en vase med svart bakgrunn. Det er tre personer på vasen, en ung, naken mann med en lyre. En ung kvinne i lang kjole og en naken, ung mann i bakgrunnen som holder et fat. Den unge gutten har vinger.

Vaser og annen keramikk fra antikken ble ofte pyntet med motiver fra de greske mytene. Det er viktige kilder for å lære om gresk mytologi. På denne vasen er den forelskede Afrodite og Adonis.

Vase med Adonis og Afrodite, ca. 410 fvt.
Av /Louvre.
Lisens: PD
  • Faren til Adonis er kong Theias av Syria.
  • Mor hans er Smyrna. Ho vart forvandla til eit tre. Då Adonis vart fødd, kom han ut gjennom borken på treet.

Adonis og gudinnene

Tegning av en ung mann med en kvinne på hver side. Alle er kledt i klassiske, greske klær fra antikken.

Både Afrodite og Persefone blir foresket i den vakre Adonis.

Tegning av Adonis, Afrodite og Persepone.
Av .

Adonis er så vakker at to gudinner blir forelska i han og byrjar å krangle. Då grip Zevs inn og bestemmer at Adonis skal dele året inn i tre periodar.

  • Den eine perioden er han hos Persefone. Ho er gudinne i dødsriket.
  • Den andre perioden er han hos Afrodite. Ho er gudinne for kjærleik og fruktbarheit.
  • Den tredje perioden får han bestemme over sjølv.

Når Adonis er saman med Afrodite, vaknar naturen til live, og alt veks og gror. Når han er saman med Persefone, visnar alle vekstar og dør.

Adonis-festen

Kvar vår vart det feira ein stor fest i Hellas og Midtausten. Den vart kalla Adonis-festen.

Adonis blir udødeleg

Adonis var ein dyktig jeger, men han blir drepen av eit villsvin. Afrodite syrgjer og lèt det vekse opp anemonar, vakre blomar, frå blodet hans. Akkurat som blomane blir levande igjen etter vinteren, blir òg Adonis levande og kjem tilbake til Afrodite.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Stian Torjussen
Førsteamanuensis i KRLE, Universitetet i Innlandet