Hopp til innhald

Globalisering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Nemninga globalisering blir bruka på ulike vis, mellom andre desse:

  • Skipinga av ein såkalla «global landsby», det vil seie nærare kontakt mellom ulike delar av verda, med auka høve til personleg kontakt, gjensidig forståing og vennskap mellom «verdsborgarane», danninga av ein global sivilisasjon.
  • Økonomisk globalisering. Det er fire sider ved denne, som viser til fire ulike flytar over grensene, nemleg flyt av varer og tenester, det vil seie frihandel, flyt av menneske (migrasjon), flyt av kapital og flyt av teknologi. Ein verknad av økonomisk globalisering er aukande samband mellom menneske i ein industri i ulike delar av verda (globalisering av ein industri), med ei korresponderande svekking av nasjonal sjølvråderett på det økonomiske området. Det internasjonale valutafondet IMF definerer globalisering som «den gjensidige økonomiske avhengigheita mellom land over heile verda gjennom auka volum og variasjon av transaksjonar av varer og tenester over grensene, friare internasjonal kapitalflyt og raskare og meir utbreidd diffusjon av teknologi» (World Economic Outlook, mai 1997). Verdsbanken (WB) definerer globalisering som «fridomen og evna til individ og verksemder til å setje i gang friviljuge økonomiske transaksjonar med dei som bur i andre land».
  • Når det gjeld bedriftsleiing, er globalisering ein marknadsføringsterm som refererer til at det oppstår internasjonale marknader for konsumvarer, til dømes sal av dei same bilane og såpene og matvarene med dei same marknadsføringskampanjane for folk i ulike kulturar. Denne bruken er ulik bruken av ordet internasjonalisering som omtalar aktivitetane til multinasjonale selskap som handlar over grensene innan finans, varehandel eller produkt skreddarsydde for lokale marknader.
  • Globalisering blir òg bruka om dei negative verknadene av profitthungrige multinasjonale selskap, deira bruk av sterke og avanserte finansielle middel for å omgå dei grensene som lokale lover og standardar set, for å setje arbeidskrafta og tenestene til ulikt utvikla regionar opp mot kvarandre.

Globalisering har mange fellestrekk med internasjonalisering og blir ofte bruka synonymt med denne, men somme vil heller nytte omgrepet globalisering for å streke under den svekkinga av nasjonalstaten og statsgrensene dei meiner globaliseringa inneber.

Bruken av globaliseringsomgrepet er kritisert; ein kritikk går ut på at omgrepet femnar om for mange fenomen, ein annan kritikk går ut på at globaliseringsomgrepet kan gje ideologiske assosiasjonar i retning evolusjonisme og diffusjonsteoriar.