Fennek
Fennek | |
Fennek | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av fennek | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Rovpattedyr Carnivora |
Familie: | Hundefamilien Canidae |
Slekt: | Vulpes |
Art: | Fennek V. zerda |
Vitskapleg namn | |
Vulpes zerda |
Fennek (Vulpes zerda) er ein type rev som lever i innlandet i Nord-Afrika og i delar av Arabia. Han er den minste arten i hundefamilien, men har dei største øyrene. Namnet kjem frå eit arabisk ord for rev, fenek.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Reven er eit lite dyr som blir rundt 0,68–1,6 kg, med ei leng på 24–40 cm og ei høgd på rundt 20,3 cm. Han er tilpassa eit tørt og varmt klima, med store øyre som avgjer varme, ein lys, isolerande pels som kjøler om dagen og vermer om natta, pelskledde føter som blir verna mot den varme bakken, og ved at han nesten ikkje treng vatn i tillegg til det han får frå føda.
Utbreiing
[endre | endre wikiteksten]Fennek lever først og fremst i Sahara, men finst i nesten heile Nord-Afrika, med ei sørleg grense i nordre Niger. Ein finn fennek frå Marokko i vest til Sinaihalvøya og Kuwait i aust.
Habitatet er hovudsakleg ørken, på stader der det finst spreidd vegetasjon som dyret kan gøyma seg i.
Åtferd
[endre | endre wikiteksten]Fennek er eit sosialt rovdyr som lever i familiegrupper (flokkar) på opptil ti dyr. Gruppa inneheld gjerne eit avlande par (alfapar), årets kull og individ frå eit tidlegare kull. Alfahannen markerer territoriet for å halda andre hannar vekk. Fennekane kommuniserer gjennom lydar og kroppsspråk.
Reven er nattaktiv. Han et gnagarar, insekt, firfisler, fuglar og egg, eventuelt lauv og bær for å auka væskeinntaket. Han er sjølv byttedyr for hubroar og kattedyret karakal.
På dagtida kviler fennekar i hi dei har grave ut. Hiet har ofte fleire ut- og inngangar. Det ligg gjerne i eit område med plantar som kan gje støtte til hòla dei grev ut. Fleire familiar kan dela eit nettverk av gangar og bol i same bustadkompleks.
Fennek og menneske
[endre | endre wikiteksten]I Nord-Afrika har ein tradisjonelt drive jakt på reven, hovudsakleg for pelsen si skuld. Han blir ikkje rekna som truga, men blir likevel rekna som eit dyr ein bør halda auge med handelen av.[1]
Fennek blir halde som eksotisk kjæledyr i nokre land, mellom anna i USA der det blir avla revar til slike føremål. Bortsett frå sølvrev er fenneken den einaste reven som kan fungera i ein vanleg heim, sjølv om han ikkje er heilt domestisert.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Fennek» frå Wikipedia på bokmål, og «Fennec Fox» frå Wikipedia på engelsk den 18. juli 2010.
- Fennec Foxes Arkivert 2010-10-20 ved Wayback Machine. ved fennec-fox.com
- Roots, Clive (2007). Domestication. Greenwood. s. 113–114. ISBN 978-0313339875.
- Fotnotar