Wikipedia:Dagens skandinaviske artikel/Nynorsk/Uge 49, 2009
Udseende
Uralske språk er ein språkfamilie som består av to hovudgrupper: dei finsk-ugriske (som før vart sett som ein sjølvstendig språkfamilie) og dei samojediske. Tre uralske språk, alle finsk-ugriske, er offisielle språk i eigne nasjonalstatar: ungarsk, finsk og estisk. Med unntak av minoritetar i dei skandinaviske landa og Latvia høyrer mest alle dei andre uralske språka heime i Russland. Nokre av dei, slik som komisk og mari, har eigne autonome republikkar, men ein stor del av dei mindre uralske språka er utryddingstruga. Sørsamisk, som blir tala i Noreg og Sverige, er òg sterkt truga. Les meir …