Eg kjem til å kome med ein dryg påstand no, men eg vil greie ut mine meiningar om akkurat denne påstanden. Håpar nokon les bloggen og vil kome med eventuelle motvendingar mot desse synspunkta. For å gjere det klart; eg prøver ikkje å forsvare egoisme...
Påstand
Eg meiner at menneskje ikkje er i stand til å gjere handlingar utan egoistiske baktankar eller vinning for sjølvet, og at vi difor ikkje er i stand til å gjere ei handling som er 100% god.
Definisjon
Ut i fra wikipedia karrakteriseras egoisme som ein etisk doktrine som hevdar at det er riktig å handle på ein slik måte at det tener den som handlar.
Kva meiner eg med dette?
Eg meiner då at alle handlingar vi gjer, egoistisk eller ikkje, vil i ytterste konsekvens tene oss sjølve. Ta for eksempel nokon som vier livet sitt til å hjelpe fattige menneskjer i Afrika. Dette blir rekna som ei veldig lite egoistisk handling. Den kan gjerne bli definert som altruistisk - ei handling som tener samfunnet, då man reiser – gitt at personen er norsk – frå eit trygt og rikt land, til vanskeligare kår for å hjeøpe andre. Det er ingen tvil om at dette er ei veldig god handling. Men det betyr ikkje at det er utan egoistisk vinning. Kvifor dreg denne personen til Afrika? Eg meinar at den personen, innerst inne, dreg til Afrika for å betre sit eige samvit. Personen opplever dårleg samvit fordi han er frustrert over korleis menneskjer blir behandla rundt omkring i vera. Med andre ord, det vil vere ei egoistisk handling fordi han vil betre sin eigen samvit. Eg tenkjer altså at alle handlingar vi gjer vil vere påverka av eiga personleg tilfredstilling.
Det kan hende dette er feil definisjon av egoisme, og at eg trekk definisjonen for langt. Slik samfunnet definerar egoisme vil ein person som reiser til Afrika for å hjelpe andre bli rekna som alt anna enn egoisitisk. Han tener samfunnet, ikkje seg sjølv. Men det han gjer vil ikkje bli rekna som 100% godt, då, slik eg ser det, må ei handling som skal vere 100% god ikkje må vere påverka av eiga vinning. I ytterste konsekvens er da mennsekjet ikkje i stand til å gjere ei 100% god handling, fordi vi alltid vil vere påverka av vår eigen samvit.
Nokre innvendingar?
tirsdag 29. januar 2008
torsdag 19. juli 2007
Er vitskap til å stola på?

Eg har akkurat lese ferdig ei bok som heiter Klimaet. Den er skriven av Per Engene, ein pensjonert rektor med hovudfag i biologi. I denne boka tek han føre seg naturlover som tilseier at menneska ikkje har nokon innverknad på klimaet. Han seier at ”klimagassen” CO2 berre er bra for vegetasjonen på jorda, og at den ikkje fører til ei forderving av jorda, slik mange klimatologar hevdar. Han skriv også om FNs klimapanel, som baserar sine rapportar på gale tal, og at rapportane deira består meir av synsing enn av fakta. Per Engene er ein aktiv person også på internett, og deltek på fleire forum. Her er det livlege debattar rundt desse klimaspørsmåla. Enkelte meiner menneska er den store syndaren, mens andre meiner at det er andre faktorar som menneska ikkje kan gjere noko med, som styrer klimaet.
I denne prosessen med å prøve å setje meg inn i denne debatten dukkar det opp nokre essensielle spørsmål omkring vitskapen. Vitskapen skal stadfestast ut i frå faktiske observasjonar. Den skal vere udiskutabel. Om noko ikkje kan bevisast med hjelp av observasjonar, då har det ikkje vitskapeleg hold. Korleis kan det då vere ein debatt omkring klimaspørsmålet, og andre viktige spørsmål? På ei side har vi klimapanelet som seier at det er 90% sannsynleg at menneska påverkar klimaet. På den andre sida har vi personar, som Per Engene, som er sterkt ueinige i dette. Begge partar har sine respekterte forskarar i ryggen, og begge meiner dei har svaret.
Spørsmålet mitt er da: Kan noko vere vitskapeleg når det blir debattert? Når det blir debattert vil jo det vere usmed omkring emna, og usemd kjem som ein konsekvens av uvissheit, uvissheit som ikkje skulle vere til stades innanfor vitskapeleg konklusjonar.
Eit anna spørsmål som då dukkar opp er: Korleis kan aviser og ymse media skrive at ”menneska er klimaverstingar”, når det nødvendigvis ikkje er riktig? Eg skal ikkje begynne ein debatt omkring klimaspørsmålet no, men eg seier at det er vanskeleg for oss vanlege personar å gjere oss opp ei meining om vitskapelege spørsmål, når ikkje ein gong forskarane klarar det.
Har vitskapen fått ei altfor stor rolle i dagens samfunn, eller bør vi stole blindt på alt dei kjem med. Er mennesket i stand til å svare på alle dei store spørsmåla som vi stiller oss?
fredag 23. mars 2007
Tikken
Okey, to bloggar på ein dag, for godt til å vere sant? Jaja, får så vere.
Eg har blitt tatt i tikken. Tikk meg her og tikk meg der. Det går ut på at ein skal seie 6, seks, rare ting om seg sjølv. I går spurde eg Mari om ho kunne seie seks rare ting om meg, ho sa: "ehm... (lang tenkjepause) ...nei." Burde eg vere skuffa? Ja, burde vel kanskje det. Men eg skal gjere eit heiderleg forsøk på eigenhand.
1. Eg er ein liten rotekopp. Eg likar det ikkje, men eg er det.
2. Eg gløymer stort sett eg alt eg skal på. Hadde det ikkje vore for Mari var det nok mange ymse plassar eg var invitert til eg ikkje hadde dukka opp. (All honnør til deg Mari)
3. I staden for å gjere konstruktive ting kan eg kaste vekk altfor mykje tid på Internett, for eksempel spele nettspel.
4. Eg syng og plystrar mykje. Ofte på heilt usaklege ting, kanskje til andres forarging, men har aldri fått nokon respons på det. Reknar med eg kjem til å fortsett med det.
5. Når eg blir svolten blir eg unormalt tom for energi, dett heilt vekk i min eiga verd. Slapp og trøtt og gretten. Straks eg får i meg mat blir humøret fleire hakk betre.
6. Sist, men ikkje minst, eg har ein ekstrem tendens til å alltid gå for det gode gamle, det trygge og vande. Dette fører ofte til frustrasjon frå blant anna Mari si side, då eg velgjer fårepølse og majones i staden for Philadelfia, fårepølse, agurk, tomat, ein liten fetaostbit og det heile toppa med granateple eddik. Kall meg gjerne tradisjonalist.
Om nokon har noko betre forslag er det berre å ymte frampå i kommentarfeltet, så skal eg sjå om eg kan bytte ut nokon av punkta. Kan vere litt fleksibel!
Shining

Kanskje fleir enn meg som syntes det er på tide med ein ny blogg? Den rette inspirasjonen kom akkurat over meg. Den dalte ned i meg i det eg satt på den nye CD-en til Shining, nemleg Grindstone (takk skal dokke ha Magnus og Møyfrid!) Dette blir ein slags oppfølgingsblogg frå den føregåande bloggen.
Shining blir av mange karakterisert som eit jazzband, sjølv skriv dei på MySpace at dei er eit eksperimentelt progressivt jazzband. Når eg sjølv høyrde på dette albumet fyrste gongen var det vanskeleg for meg å tenkje at dette var jazz. Harde gitarriff med mykje fuzz og override, aggressive trommer og mykje eksperimentering med lyd. Enorm progressivitet og ei energimengde som glatt kan samanliknast med det vi finn i den beste rocken. Musikken deira vil nok av mange karakteriserast som støy. Det fyrste VGs annmelder, Espen A. Hansen, skriv om CD-en er: ”ikke musikk for Gud og hvermann.” Videre skriv Hansen ”Shine sysler med musikk som ikke uten videre lar seg båssette. Det ville vært et drømmeband for en villmann som Mike Patton. Det handler om syrejazz, progrock, speedmetal og samtidsmusikk”.
Det viser seg altså at fleir har problem med å båssette Grindstone, men kva betyr dette? Slik eg ser det, er vi midt oppi ein diskusjon om dette kan kallast jazz, akkurat slik diskusjonen om ’Bop’ gjekk på 40-tallet. Vi er konservative av natur og har vanskeleg for å opne oss for nye ting. Grindstone av Shining er eit album som speler på desse grensene i den menneskelege naturen. Den har heilt klart element frå jazz, deriblant instrumentering, temabruk og rytmikk. Men dei fleste elementa er henta frå mange andre sjangrar. Nokon vil kanskje seie at dei andre sjangrane overdøyver jazzen, men slik eg ser det er det meir i jazz enn berre musikken. Det er veldig lett å tenkje at jazz er ein spesiell sjanger, at jazz er standardlåtar, at jazz er improvisering og at jazz er vakkert, men eg meiner at jazz er noko meir, noko som ligg bak sjølve musikken. Jazz er ein måte å tenkje på, det er eit levesett og ein grunntanke bak musikk. Det er ein måte å formidle på og det handlar om korleis musikken blir presentert, ikkje nødvendigvis korleis den høyrest ut.
Om du tenkjer på vanleg ’standard’ jazz, vil eg ikkje kalla Grindstone noko jazzalbum, men om du tenkjer bakom musikken, der sjanger ikkje spelar så stor rolle, kan Grindstone kallast jazz. Dette er måten Shining vil presentere jazz på. Dette er kva dei tenkjer om jazz, deira syn på musikken. Med dette albumet presenterer dei ei ny side av jazz som ikkje vi er vande med. Dei bryt mange normer og ’fordommar’ vi har om jazz. Er vi opne for å ta dette inn under jazzens vingar? Eg vil nok driste meg til å seie ja.
onsdag 28. februar 2007
Jazz, kva er det?
Om eg nemner jazz til deg vil du umiddelbart danne deg eit bilete av kva eg pratar om. Du vil tenkje på ein spesiell type musikk og ein spesiell måte å framføre musikk på. Kvifor er det slik, og kva er det som fastset kva det er som reknast for jazz?Scott Devaux tek i sin artikkel "Constructing the Jazz tradition" opp korleis jazz historia har blitt konstruert. Han peiker på at ein raud tråd i historia er lettare å følgje enn ei diffus linje som ikkje peikar ut spesifikke sjangrar som jazz. Sjølv om det verkar sjølvsagt at "bop" i dag reknast for jazz, var det i samtida store diskusjonar om denne sjangeren skulle kallast jazz. Mange meinte at den var for radikal og at den braut for mykje med blant anna tradisjonane innanfor swing. Haldninga som derimot vann igjennom var at ”bopen” kunne brukast i å nærma seg den vestlege kunstmusikken, og med det dermed distansere seg frå populærmusikken og heve jazzen opp på eit "høgare" kunstnarisk nivå.
Det har altså vore vanskelig å definere tidlegare kva som er jazz. Det blir brukt nokre haldepunkt som ofte blir brukt for å definere jazz, desse er til dømes improvisjasjon, samspel, ingen funksjonsharmoniske grenser osv, lista er lang. Nokon av dei fungerar godt, mens andre igjen ikkje er avgjerande for om dei er viktige i avgrensinga av jazzsjangeren. Ein kombinasjon av desse er uansett noko vi finn innanfor dei fleste jazzsjangrane, men nye element kan vokse til og dette igjen skapar nye diskusjonar.
Kva fortel dette oss? Jo, det vi kallar jazz i dag har ikkje alltid vore sjølvsagt. Det at ein må diskutere kva som kan kallast jazz tyder på at grensene er diffuse og dei er ikkje hundre prosent objektive. Nokon vil leggje vekt på nyskapning innan for jazzen, der dei ikkje er redd for å breie om seg nye sjangrar, instrument og spelemåtar, mens andre vil vere tradisjonalistar som vil halde på det gamle og det kjende. Dette gjer det vanskeleg å fortelje nokon spesifikt kva som er jazz, noko som er jazz for meg treng ikkje å vere jazz for deg.
Vi må altså sjølve gjere oss opp ei meining om nye sjangrar er jazz eller ikkje, så får framtida vise kven si meining som vinn igjennom.
søndag 18. februar 2007
Musikkvitskap
Eg studerar altså musikkvitskap. Det høyrest kanskje litt drøyt ut å lage ein eigen vitskap for musikk, men det har altså blitt gjort og eg studerar denne vitskapen. Eg veit ikkje om det er slik, men det er kanskje nokon av dykk som lurer på kva musikkvitskap er. Det skal eg skriva om no.
For det første er musikvitskap altså ein vitskap. At det er ein vitskap inneber mykje forsking. Forsking er kort forklart ei utarbeiding av ei hypotese som endar i ein konklusjon eller eit resultat om emnet som er forska på. Musikkvitskap baserar seg altså på forskjellig forsking rundt musikk. Dette kan vere veldig mykje. Det blir forska på kva som fengjer med populærmusikk, og det blir forska på om man kan høyre i Bachs musikk om han var homofil. Det har også blitt skrive artiklar om kvifor det stort sett berre er mannlege jazzinstrumentalistar og kvifor det er så få av desse utøvarane som er homofile. (Forskarane kom fram til at samspelet er så intenst at menneske med grunnlag for å bli homofile får utløp for den nærheita dei treng via musikken.) Det blir forska på kva det er med pop som fengjer, og om det er ei oppskrift på korleis ein lagar ein god poplåt. Kvifor alle menneske har eit forhold til musikk, og kvifor musikken er ein så viktig del i dei fleste samfunn. Det er altså eit veldig bredt spekter innen for musikkforskinga og ikkje alt er interessant for alle, mykje er for spesielt interesserte, men mykje kan også vere god kunnskap for ein vanleg mann i gata.
Det kan med første augekast verke litt merkeleg å ha ein musikkvitskap. Musikkvitarar skaper jo tross alt ikkje mykje musikk, dei berre har ei meining om noko andre skapar. Men går ein litt djupare inn i det, er forskinga ein viktig del av musikken. Det er musikkvitskapen som har kome fram til musikkteorien vi brukar i dag. Musikkvitskapen har funne fram til musikkhistoria slik vi kjenner den og det er musikkvitskapen som gjer at man mellom anna kan spele barokkmusikk på autentiske instrumenter. Musikkvitskapen er med på å finne nye måtar å formidle og skape musikk på.
Det er sjølvsagt mykje meir musikkvitskapen er viktig for, og det er også sjølvsagt mange aspekt ved dei elementa eg har ramsa opp, men det eg vil fram til, er at musikkvitskap er ein viktig del av musikken og den vil alltid ha noko å seie om kva og korleis vi tenkjer på musikk. Musikkvitskap treng ikkje berre vere for akademikerar på universitet og høgskular, men også for den vanlege mannen i gata. Du er kanskje meir påverka av musikkvitskapen enn du skulle tru.

mandag 12. februar 2007
Hvorfor starte en blogg
Den første posten i denne bloggen blir noen få ord om meg selv, i og med at "meg selv" er bakgrunnen til at denne bloggen blir opprettet. Jeg studerer nå musikkvitenskap på universitet i Oslo. Det har jeg gjort i snart fire semester og kommer i alle fall til å gjøre det i to semester til. Jeg liker studiet, men helt perfekt er det ikke, men jeg godtar at det ikke er perfekt. Om det er perfekt for meg er det ikke perfekt for andre, la oss heller møtes på midten.
Jeg liker store spørsmål og jeg liker å filosofere. Min kristne tro gjør at jeg funderer mye over vår eksistens på planete vår. Troen gjør at jeg havner i samtaler og diskusjoner med kjæreste, venner og familie, samtaler som er oppbyggende for meg som person og som jeg verdsetter veldig høyt.
Jeg starter bloggen i et forsøk på å aktivisere meg selv. Det blir en plass hvor jeg kommer til å lufte mange av mine tanker og ideer. Jeg burde kanskje gjort mer, men en blogg er i alle fall en start!
Mer om meg skriver jeg ikke nå, men alle postene vil hvoudsaklig handle om temaer som opptar meg i det daglige. Skal da ikke se vekk i fra at det blir mye musikk og religion:=)
Jeg håper noen vil lese det jeg skriver og at det er mulig for andre en meg å få noe ut av dette.
Vel møtt

Abonner på:
Kommentarer (Atom)