Velferdsteknologi er eit felles begrep på tekniske produkt og løysingar som kan bidra til auka sjølvstendighet og eigenmeistring.
Målet med velferdsteknologi er å skape ein tryggare og enklare kvardag både for brukarar, pårørande og helsepersonell. Tenesta skal gjere det mogleg at fleire kan bu lenger heime, styrke meistring i kvardagen og bidra til at brukaren kan leve eit aktivt og sjølvstendig liv. Det er eit mål at velferdsteknologi skal gi brukarar meir fleksibilitet i eige liv. Eit eksempel kan vere at ein ikkje treng å vente på at heimesjukepleien skal kome for å levere ut medisinar dagleg, men heller styre dette i større grad sjølv ved hjelp av til dømes elektronisk medisindispenser.
Stryn kommune tilbyr velferdsteknologi som ein del av tenesta i helse og omsorg, og har fleire velferdsteknologiske løysingar i bruk:
Tryggleiksalarm er ein alarm for å enkelt tilkalle hjelp i akutte situasjonar når som helst på døgnet. Alarmen er enkel å bruke og blir løyst ut ved å trykke på den. Når du trykker på alarmen vil Alarmsentralen ta kontakt med deg, vurdere nødvendig oppfølging og ved behov sende hjelp. Tryggleiksalarmen verkar i bustaden din og rett utanfor den.
Alarm vert tildelt etter søknad og vurdering i tildelingsnemnda.
Søknadsskjema (digitalt)
Søknadsskjema (PDF) (skriv ut og send til Stryn kommune, Servicekontoret, Tonningsgata 4, 6783 Stryn)
Pris for leige av tryggleiksalarm: Gebyrliste (framsikt.net)
Les meir om tryggleiksalarm på nettsidene til Helse Norge
Elektronisk dørlås (e-lås) er eit nøkkelfritt låssystem som monterast på ytterdøra di for ein sikker og enkel adgang for til dømes heimesjukepleien. Dei tilsette brukar ein app på sin tenestetelefon for å låse opp døra. Du og dine pårørande brukar framleis din vanlige nøkkel.
E-låsen monterast på innsida av døra og vil ikkje vere synleg frå utsida. Med e-lås kan helsepersonell kome raskare til deg ved behov for hjelp.
Treng du hjelp til å hugse å ta medisinane dine?
Då kan ein elektronisk medisindispenser hjelpe deg. Den varslar og doserer ut medisinar på bestemte tidspunkt. Ved å bruke medisindispenser får du teke medisinane dine til rett tid utan bekymring for at medisinen blir gløymt eller teke feil.
Du treng heller ikkje vente på helsepersonell og du får dermed større friheit og fleksibilitet i kvardagen. Dersom du ikkje får teke medisinen til gitt tidspunkt vil helsepersonell få varsel og ta kontakt med deg.
Ved søknad om hjelp til medisinering blir elektronisk medisineringsstøtte vurdert som førsteval før tradisjonelle tenester blir iverksett. Tilbodet er gratis.
Denne filmen viser korleis ein medisindispenser kan hjelpe deg i kvardagen: Film for tjenestemottakar
Lokaliseringsteknologi med GPS er ein trygghetsalarm til personar med kognitiv svikt eller orienteringsvanskar, som ønskjer å gå tur. Alarmen kan utløysast av brukar sjølv ved behov for hjelp, eller ved at brukar går utanfor eit definert geografisk område (geofence). Ein kan då sjå posisjonen på eit kart ved hjelp av GPS.
Vi tilbyr lokaliseringsteknologi til bebuarane på institusjon og i heildøgnsbemanna omsorgsbustad.
Ein kan også kjøpe utstyret som privatperson.
Sjå safemate.no for meir informasjon.
Digital heimeoppfølging er bruk av teknologiske løysingar som gjer at ein kan følgast opp heime.
Frisklivsentralen
Digital heimeoppfølging i Frisklivsentralen inneber at heile eller delar av tilbodet foregår utan fysisk kontakt, og der dialog og deling av informasjon mellom deltakar og frisklivsrettleiiar skjer digitalt. Etter avtale skal du utføre oppgåver, treningsøvingar, målingar og svare på enkle spørsmål via eit nettbrett eller smarttelefon. Ein kan også kommunisere enkelt via melding eller videosamtale.
Les meir om Frisklivsentralen her: Frisklivssentralen - Stryn kommune
Kva kan du gjere sjølv?
Det kan vere lurt å tenke gjennom kva teknologiske hjelpemiddel ein kan kjøpe sjølv for å gjere kvardagen lettare, tryggare og bidra til at ein kan klare daglege aktivitetar på eiga hand. På den måten kan ein vere meir sjølvstendig, og bu lengst mogleg heime.
Det kjem stadig ny teknologi på marknaden ein kan kjøpe sjølv.
Døme på dette er:
- Robotstøvsugar
- Robotplenklippar
- Komfyrvakt
- Tidsbrytar, på til dømes kaffitraktar
- Seriekobla røykvarslarar
- Varmepumpe
- Klokke med GPS-sporing
- KOMP – for å enkelt halde kontakt med familie
- Automatisk lys/bevegelsessensor
Sist endra 31.07.2024 08.50