Per Arne Olsen var ein norsk politikar for Framstegspartiet (Frp). Han var stortingsrepresentant for Vestfold i perioden 2009—2013, fylkesmann i Vestfold i 2016—2018 og frå 2019 til sin død i 2022 statsforvaltar i Vestfold og Telemark.
Per Arne Olsen
Faktaboks
- Fødd
- 21. februar 1961, Tønsberg, Vestfold
- Død
- 18. november 2022
Bakgrunn
Per Arne Olsen var fødd i Tønsberg. Han gjekk på Tønsberg Handelsgymnas i 1977—1980. Seinare tok han kurs ved Forsvarets høgskole. Olsen arbeidde som bankfunksjonær i Nøtterø Sparebank 1980—1981 og var salssekretær i Lindfo AS 1981—1986. Frå 2013 til 2016 var han seniorrådgivar i Gambit Hill+Knowlton.
Politisk karriere
Olsen var generalsekretær i Framstegspartiets Ungdom i 1986—1989. Mellom 1989 og 1997 var han kontorsjef ved hovudkontoret til Frp og fungerande generalsekretær i partiet i 1992—1993. Han var nestleiar i Frp 2005—2013.
Olsen var medlem av Tønsberg kommunestyre mellom 1983 og 2009, først som bystyrerepresentant, deretter i formannskapet 1987—2003. 2003—2009 var han ordførar i Tønsberg. Olsen var sekretariatsleiar i stortingsgruppa til partiet 1997—2003.
Han var vararepresentant til Stortinget 2001—2009 og vart innvald som stortingsrepresentant for Framstegspartiet frå Vestfold i perioden 2009—2013. Han var i denne perioden medlem av helse- og omsorgskomiteen på Stortinget. Frå 2016 til 2018 var han fylkesmann i Vestfold, og frå 2019 til 2022 statsforvaltar i Vestfold og Telemark.
Andre verv
Olsen hadde fleire administrative verv og tillitsverv, mellom anna som medlem av styret for Folketrygdfondet i 1992—2009, varamedlem i Kringkastingsrådet i 1998—2009, medlem av styret for KS (Kommunenes Sentralforbund) i 2008—2009 og medlem av styret i Vinmonopolet frå 2016.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.