Oddleiv Apneseth er ein norsk presse- og dokumentarfotograf. Som pressefotograf har han vunne ei rekkje prisar for dei uttrykksfulle og levande bileta sine, både av kvardagslege og oppsiktsvekkjande situasjonar.
Oddleiv Apneseth
Faktaboks
- Fødd
- 23. januar 1955, Florø (no Kinn), Vestland
Bakgrunn
Apneseth er fødd i Florø i Nordfjord. Han tok artium i 1974 og har elles utdanning frå Akademiet i Rauland og Mo jordbruksskule, og grunnfag i lokalhistorie ved Universitetet i Bergen. Frå 1979 til 1987 arbeidde han som frilansar. Frå 1987 til 2007 var han tilsett som pressefotograf i Bergens Tidende, då han gjekk tilbake til å arbeide som frilansar. Han har dessutan illustrert fleire bøker og mellom anna vore festspelfotograf for Festspillene i Bergen.
Prosjekt
Apneseth har mellom anna illustrert bøker av forfattaren Frode Grytten – romanen Bikubesong (1999), reiseskildringa Dublin (2002) og portrettboka 17. mai Bergen (2015). Bileta hans finn vi òg i fleire bøker om kunstnarar – Ludvig Eikaas i Eikaas i 80 (2000) og Oddvar Torsheim i Tvisynt tvilar (2001). Den sistnemnde vann prisen som Årets vakraste bok 2002.
I boka Herifrå (2006), som Apneseth gav ut saman med journalisten Katrine Sele, har han utforska daglegliv og identitet i Sogn og Fjordane, med særleg vekt på å få fram særeigne historier som sjeldan vert fortalde. I dokumentasjonprosjektet «Jølster 2008» følgte og fotograferte han folk i Jølster gjennom eitt år. Prosjektet resulterte både i boka Jølster 2008 (2009) og ei utstilling med same namn. Saman med journalisten Eva Røyrane har han gitt ut bøker som utforskar arkitektur, kultur og bygdeliv i Noreg – Noregs låver (2014), Av stein (2017), Klyngetunet (2018), Vestlandshus (2020)
Prisar
Apneseth har fleire gonger reist som fotograf i krigs- og katastroferåka delar av verda. I 1994 vann han prisen Årets bilete for «Mentalsykehuset i Tuzla» (Bosnia) og i 2005 for «Etter jordskjelvet» (Pakistan). I 1997 fekk han 2. premie i klassa «Arts and Entertainment» den internasjonale konkurransen World Press Photo.
Utstillingar i utval
- 1998 «Risp» sammen med fotografane Jens Hauge og Øystein Klakegg, Fylkesgalleriet i Sogn og Fjordane
- 2004 Utstilling med bilete frå «Bikubesong», Odda bibliotek
- 2005 Fotopresentasjon fra «Bikubesong», Aasentunet i Ørsta
- 2009 «Jølster 2008», Eikåsgalleriet i Jølster
- 2009 «Jølster 2008», Galleri Bouhlou i Bergen
- 2009 Norsk dokumentarfotografi, Henie Onstad Kunstsenter
- 2010 «Fra Sunnfjord til Sjælland», med bilete frå konseptet «Jølster 2008», Schæffergården i København
- 2011 «Jølster 2008», Preus museum i Horten
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Lien, Sigrid; «Tiden, stedet og historien — Oddleiv Apneseths fotografiske dagbok» i Kunst og kultur nr. 4, 2010
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.