Faktaboks

Ingunn Solheim
Fødd
1980
Foto av Jarle Roheim Håkonsen og Ingunn Solheim i 2017
Ingunn Solheim leder NRKs partilederdebatt sammen med Jarle Roheim Håkonsen i Bergen i 2017.
Foto av Jarle Roheim Håkonsen og Ingunn Solheim i 2017
Av /NTB.

Ingunn Solheim er ein jurist frå Førde, best kjend som journalist og programleiar i NRK frå 2009 til 2023.

Bakgrunn

Ingunn Solheim har bachelorgrad i statsvitskap ved NTNU (2003) og mastergrad i juss ved Universitetet i Oslo (2011). Mastergradsoppgåva hennar hadde tittelen «Grunnlovsfesting av diskrimineringsvernet. Sikring av eit reelt individvern».

Journalist

Solheim byrja journalistkarrieren som nynorskpraktikant i NRK Sogn og Fjordane, der ho arbeidde i periodar mellom 1999 og 2002. Seinare har ho vore journalist i radiokanalen Kanal 24 frå 2003 til 2006 og nyhendeanker i TV 2 frå 2006 til 2008. I tillegg har ho hatt sommarengasjement i Dagens Næringsliv (2008).

I 2009 byrja Solheim i NRK, og frå 2011 til 2023 arbeida ho som politisk journalist der. Solheim var programleiar for valsendingane i 2011 og 2013, og frå 2014 til 2018 var ho programleiar for NRK Debatten.

Frå 1. oktober 2023 arbeidar ho hos Regjeringsadvokaten.

Språkbrukar

Som programleiar viste Solheim seg som ein modig og stødig ordstyrar, og spørsmåla hennar var forma ut i eit klart språk. Solheim var ikkje berre medviten om rolla si som journalist og programleiar, ho var òg ein medviten språkbrukar og ein god representant for moderne, lettfatteleg nynorsk.

Solheim fekk Kringkastingsprisen i 2013, nettopp for å ha vore «ein god representant for nynorsk i fjernsynet». I 2014 fekk ho Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar.

Les mer i Store norske leksikon

Litteratur

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg